Støtter aksjonistene i Førdefjorden

Naturvernforbundets Landsstyre har vedtatt full støtte til aksjonistene ved Førdefjorden i dag.

Aksjon i Førdefjorden

Naturvernforbundets Landsstyre, samlet i Oslo denne helga, har vedtatt full støtte til aksjonistene ved Førdefjorden. De vedtok i dag følgende uttalelse: 

«Naturvernforbundet sitt landsstyre vil gje si heilhjarta støtte til aksjonistane ved Førdefjorden i Sogn og Fjordane, som akkurat i desse dagar utfører fredelege, sivile ulydnadsaksjonar i området der det no prøveborast etter rutilmalm.

Nordic Mining fekk i april i år utsleppstillate frå Klima- og miljødepartementet til å gå i gong med gruveverksemd i Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Avgangsmassane frå gruva skal dumpast i Førdefjorden. Tillaten som Nordic Mining fekk er klaga inn til Kongen i statsråd og EFTA sitt overvakingsorgan ESA. Til trass for at ingen av desse klagane er avgjort, var prøveboringane planlagde med start 2. februar, men vart hindra av aksjonistane.

Naturvernforbundet ser sjødeponiet i Førdefjorden som ein av dei største forureiningsskandalane i nyare norsk historie. Førdefjorden er ein rein og fiskerik fjord som vil kunne ta stor skade av dei enorme mengdene masse som skal dumpast i fjorden få gruva. Kvart minutt, 24 timar i døgnet i 50 år skal det dumpast 11 tonn gruveavfall rett ut i fjorden, heilt til eit berg på 300 millionar tonn har endra landskapet under overflata fullstendig. Både Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet har åtvara mot prosjektet.

Når regjeringa har vald å oversjå all miljøfaglig kunnskap, har Naturvernforbundet stor forståing for at miljøvernarar frå heile landet no set ned foten. Prøveboringa som er planlagd dei neste månadane er fyrste startskot for ein øydelagd fjord. Naturvernforbundet sitt landsstyre gjev derfor full støtte til aksjonistane i Sogn og Fjordane.»