Fødd til vassdragsvern

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vart fødd inn i vassdragskampen. Fylkeslaget vart skipa som Sogn og Fjordane Naturvern i 1978, med Knut Mork, bonde i Oppstryn, som første leiaren. Det var fem år etter at Statskraftverka, som det heitte den gongen, i 1973 hadde presentert den største planen i landet for ei samanhengande kraftutbygging i…

Illustrasjonsbilde, Gaularvassdraget – foto: Arild Nybø
Illustrasjonsbilde, Gaularvassdraget – foto: Arild Nybø

Året før, i 1972, hadde Sogn og Fjordane Energiverk levert søknad om ei total utbygging av Gaularvassdraget. Etter 20 års kamp vedtok Stortinget i 1993 varig vern av begge vassdraga.

Forsvaret av elvenaturen var nasjonalt den store og veksande naturvernsaka frå slutten av 1960-talet. I 1969 gav Stortinget løyve til å byggje ut Aurlandsdalen, etter ein langvarig og intens debatt. I 1970 toppa konflikten seg med Mardøla-aksjonen. Men det vart òg gjort vedtak om å starte arbeidet med ein verneplan for vassdrag. Stortinget var på gli. På den andre sida hadde både Statskraftverka og andre selskap større planar enn nokon gong før over heile landet. Argumenta likna på dei vi høyrer om oljeutvinninga i dag: Arbeidsfolk, industrien og landet treng meir kraft.

Sogn og Fjordane Naturvern kunne ikkje makte å gå tungt i mot alle søknadene. Vi konsentrerte oss om å berge Breheimen (Jostedalen og Stryn), Gaularvassdraget, Gjengedalsvassdraget og Nausta. I Gaular, Naustdal og Stryn vart resultatet til slutt varig vern. I Gjengeda len sette grensene for eit landskapsvernområde den store magasinplanen ut av spel. Varig verna vart òg ei rekkje andre vassdrag i fylket, og summen er nå 30. I Jostedalen var nok utbygging uråd å hindre etter katastrofeflaumen i 1979, men dei eineståande Fåbergstølsgrandane vart berga. Nå står kampen om eit nytt kraftverk i Vigdøla. Statkraft og NVE vil ta det vatnet som er igjen i elva.

Bak det lukkelege utfallet av den store kampen låg ein enorm innsats frå mange over lang tid. For kvart vassdrag vart det organisert vernegrupper. I Sogn og Fjordane var Informasjonskomiteen for Gaularvassdraget den som held på lengst, i 20 år. I 1983 hadde dei over 7000 medlemer, og var den desidert største politiske organisasjonen i fylket. Berg Breheimen vart skipa i Stryn etter at Statskraftverka la fram nye utbyggingsplanar i 1980. Begge organisasjonane satsa på kunnskapsbasert og nøktern argumentasjon for å få fram ulempene ved inngrepa.

Begge hadde god kontakt med forvaltninga, forskingsinstitusjonar, nasjonale politikarar og media. I kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune var det ikkje mykje å hente. Ei klar overvekt i kommunestyra og fylkestinget var heile tida for utbygging. Men det svekte nok tyngda av vedtaka når statsrådar og stortingsrepresentantar oppdaga at den lokale motstanden var mykje større enn politikarane gav inntrykk av. Motstanden var retta mot utbyggingsplanane, men grunnlaget var ein sterk vilje til å forsvare kvalitetane i dei frie elvane, vilje til vern av rike livsmiljø i bygdene. Det var to livssyn som kolliderte.

Det var ikkje lett å snu stemninga i nasjonalforsamlinga i eit land som heilt sidan krigen hadde hatt stor økonomisk vekst på grunn av vasskrafta, det kvite kolet. Men gradvis vaks opinionen mot dei stadig større inngrepa, og mange stilte spørsmål ved om landet framleis hadde særleg nytte av å legge fleire fossar under jorda. Prosjekta var større enn før, og dei var mange. Motstanden gjorde det umogeleg å avgjere sakene like raskt som før. Krav om nye utgreiingar var vanskeleg å avvise. Kraftutbygging var avisstoff over heile landet. Redaktørane var nok oftast usamde i motinnlegga, men dei tok dei inn. Det var godt stoff. Tidene endra seg. Under debatten om Verneplan IV den 1. april 1993 stod vekstpartia Høgre og Arbeidarpartiet og kappsnakka i Stortinget om kven som var mest vernevillig. I dag har elvenaturen ikkje mange vener i den forsamlinga.

Les historier fra miljøkampen i andre fylker her.

Kjempar for Førdefjorden

Fleire millionar tonn gruveavfall kan bli dumpa i Førdefjorden kvart år. Det kjempar Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane for å hindre.

Gruveselskapet Nordic Mining har planar om å vinne ut rutil frå Engebøfjellet i Vevring og dumpe opp til fire millioner tonn gruveslam sjøen kvart år. Det vil få alvorlege konsekvensar for livet i fjorden, særleg for fisk og annan fauna som lever på botnen, og for torsk og laks. Førdefjorden har status som nasjonal laksefjord.

Store gruveland som Kina, India og Australia har forbod mot dumping i havet. Det er berre Tyrkia, Indonesia og Papua Ny Guinea som let gruveavfall gå i sjøen. I fleire år har Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane kjempa for å stanse prosjektet, i lag med Førdefjorden miljøgruppe. Det har vore fleire folkemøte og demonstrasjonar, med stor oppslutning. Fråsegner og medieinnslag har spreidd argumenta, og svært mange støttar motstanden.

Fakta
NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

Jobber nå mest med
■■ Vern av Vigdøla
■■ Førdefjorden
■■ Vern av Gjengedalsvassdraget
■■ Mange småkraftverk
■■ Øydeleggande vindkraftplanar

Aktuell info
Tal lokallag: 2
Leiar: Torleif Jacobsen
E-post: l-hjelme@online.no

Historie
Skipa: 28. april 1978, Sogn og Fjordane Naturvern
Første leiar: Knut Mork, bonde i Oppstryn
Viktige sakar:
■■ Gaularvassdraget, verna 1993
■■ Vassdraga i Stryn, verna 1993
■■ Jostedalsbreen nasjonalpark, oppretta 1991
■■ Nausta, verna 2005
■■ Motstand mot kraftlinjer i sårbar natur
■■ Nærøyfjorden landskapsvernområde, oppretta 2002, verdsarvområde frå 2005
■■ 34 verna vassdrag