Gruvedrift på havbotnen

Svarte skorsteinar. Hydrotermale ventilar. Djuphavet er mindre utforska enn månen, seiast det. Kvar gong det blir gjort undersøkingar, rekner ein med at rundt halvparten av artane ein finn er nye for vitskapen. Skal vi industrialisere djuphavet, og opne for gruvedrift på klodens minst kartlagde område?

Svovelfjell på havbunnen

Stortinget vedtok våren 2019 ein ny lov som opnar opp for gruvedrift på havbotnen, utan å vite korleis dette kan påverke det sårbare livet i havet. Naturvernforbundet krev eit midlertidig forbod fram til miljøkonsekvensane er godt nok utreia.

Gullrush til havbotnen

Den nye loven har som formål å legge til rette for gruvedrift på havbotnen. Minerala som er aktuelt å utvinne finn vi på fleire tusen meters djup i ugjestmilde havområde, men fordi konsentrasjonen kan vere mykje høgre enn på land er det mange gruveselskap som no vurderer om det kan vere lønsamt å utvinne dei. Havforskarar og miljøorganisasjonar fryktar store miljøøydeleggingar og tap av artar. Naturvernforbundet krev eit moratorium – eit midlertidig forbod fram til miljøkonsekvensane er godt nok utreia.

Kan true staden for livets opphav

Områda som er mest aktuelle å utvinne er sokalla svarte skorsteinar eller hydrotermale ventiler: vulkanske områder der varmt vatn blanda med gassar og mineral strøymer opp frå jordas indre og dannar spektakulære strukturar i møte med det kalde sjøvatnet. Forskarar trur det var her livet oppstod. Metan- og hydrogengass, sulfider og jern er mat for store mengder bakteriar. I eit miljø fritt for sollys og fotosyntese er desse bakteriane første ledd i unike næringskjeder som kan innehalde ei lang rekke artar som framleis er ukjende for vitskapen. Nokon stadar dominerer gigantiske kvite og raude tubeormar som blir fleire meter høge. Andre stadar dannar mindre børstemarkar fantastiske nettverk av papiraktige røyr som igjen blir boligfelt for ei rekke andre artar. Atter andre stadar kryr skorsteinane av spesialiserte reker og andre krepsdyr. Kvart område er unikt, ofte med artar som ikkje finnes nokon annan plass, og det er derfor stor fare for at gruvedrift kan føre til utrydding av artar. Dei mest artsrike og unike områda er ofte der det er stor geologisk aktivitet, dei same områda som er mest interessant for mineralutvinning.

Miljøeffektar ved gruvedrift

Oppgraving av havbotnen, store sedimentskyer, forstyrring av dyreliv og utslepp av giftige stoff er nokre av effektane dei sårbare økosystema på havbotnen kan bli utsette for i tillegg kjem forstyrringar i form av lys, lyd og vibrasjonar ved bruk av tungt maskineri på havbotnen. Fordi forholda er veldig annleis enn for gruvedrift på land, er det vanskeleg å modellere kor store dei negative effektane av gruvedrift vil bli. Forskinga som har blitt gjort konkluderer med stor fare for å øydelegge unike økosystem og utrydde artar før dei ein gong er kjent for vitskapen.

Det blir ofte sagt at djuphavet er mindre utforska enn månen. Når det blir gjort undersøkingar djupare enn 3000 meter kan ein rekne med at rundt halvparten av artane ein finn er nye for vitskapen. Desse artane kan mellom anna vere viktige for medisin og bioteknologi, og kan fortelje oss mykje om utviklinga av livet på jorda. Vi veit rett og slett ikkje kva vi kan miste viss det blir opna for gruvedrift.

Foreslåtte område for gruver

I lovforslaget er det tre plassar som blir omtala som aktuelle for gruvedrift på norsk sokkel: Bouvetøya i Sør-Atlanteren, Yermakplatået i Polhavet og langs den midtatlantiske ryggen frå Jan Mayen til Svalbard. Felles for desse tre områda er at dei ligg i sårbare arktiske og antarktiske havområde. Dei har eit usedvanleg rikt naturmangfald, stor produktivitet og er svært viktige oppvekstområde for fiskeressursane våre. Om det er nokon del av havområda våre som er verdt å ta vare på, så er det desse. Forskarar ved Universitetet i Bergen, som har undersøkt havområda, meiner området Lokeslottet mellom Svalbard og Jan Mayen er så rikt at det bør vernast.

Bli medlem!