Dei fleste som kjenner skogskjegg (Aruncus dioicus) veit at dette er ei ordentleg plante som det ikkje er noko tull med. Men det var før. Nye tider har gjort denne til ein versting.
Denne gongen kan vi rekne handballspelarar som ekspertar. Dei som har vore borti ein handball full av klister, dei veit også korleis fingrane kjennast ut etter ein lukerunde med klistersvineblom (Senecia viscosus). Fingrane blir seige.
Det finst planter som vi reknar som kontinentale og andre som er meir oseaniske. Eller sagt på ein annan måte, nokre planter trivst i varmare og tørrare område, andre klarer kystklimaet godt.
Fleire artar av bergknapp brukast til å løyse flaumproblem. Då blir det lagt ut matter av planta ettersom sukkulentaktige planter tar til seg vatn når det er vått og leverer frå seg vatn når det er tørt. Men det er nokre problem i denne idyllen.
Gravmyrt tar seg sakte og sikkert ut i naturen. Av ein eller annan grunn ser det ut til at denne planta ikkje set frø hos oss. Dermed går spreiinga sakte, men akk, så sikkert.
Det var ei tid då Statens vegvesen såg at vegskråningane var noko meir enn ein rest etter det som fanst før det blei veg. Dei tok til å jamne ut og så til. Kva kunne ein så i ei skråning full av sand? Løysinga var hagelupin (Lupinus polyphyllus).
Nokre planter har skaffa seg ein fordel ved at dei er store. Dei er høgare enn alle andre og lar dei andre kome i skuggen. Ei slik plante er tromsøpalme (Heracleum persicum).
Kjempespringfrø er på framandartslista. Blomane er praktfulle, men ein må ikkje la seg lure. Har ein invitert denne inn i hagen sin, så har ein fått mykje å passe på.
Raudhyll er ein framand art som spreier seg raskt i naturen. Fuglane et dei raude bæra, og slik får arten fotfeste i nye område.
Det er fullt mogleg å gle seg over rynkerosa, anten det er synet av ho eller smaken. Men saka har ei hake, eller skal vi seie tornar? Sjølv om rynkerose Rosa rugosa har veldig mange tornar, så er det evna til å spreie seg som er hovudproblemet.
Både sølvarve Cerastium biebersteinii og filtarve Cerastium tomentosum er på lista over dei plantene som det er forbod mot å importere, selje og plante ut - og ikkje utan grunn.