Naturvernforbundets energipolitikk

Norge har et svært høyt energiforbruk og halvparten er fossil energi som olje og gass.  All bruk av fossilt må fases ut. Vi må gjøre en omlegging som reduserer energibehovet.   Forbruket må bli mest mulig effektivt og frigjort fornybar energi må gå til å erstatte fossil energi.  Vi må prioriter hvordan energi brukes og bruke…

solfanger

I energipolitikken må vi forholde oss til at både klimaendringene og tapet av naturmangfoldet skjer farlig raskt. Vi løser ikke det ene problemet hvis vi samtidig forsterker det andre. Utbygging av fornybar energi, som bioenergi, vann- og vindkraft, kommer ofte i konflikt med viktige naturverdier. Det globale energiforbruket må reduseres, og spesielt det høye norske. 

Energisparing og -effektivisering er den raskeste og minst konfliktfylte metoden for å frigi fornybar energi til nødvendig omlegging fra fossil energibruk.  Bygg, som i dag står for 40 % av energibruken, kan på sikt halvere sitt energibehov om vi bygger og oppgraderer riktig.

Fra Naturvernforbundets prinsipprogram, vedtatt på landsmøte november 2024:

Naturvernforbundet mener at:

  • Ramma for ny krafttilgang blir sett av moglegheitene innan frigjering av kraft frå andre sektorar, opprusting av eksisterande anlegg og sol- og vindkraft på allereie utbygde areal.
  • Modernisering av bygg må gjerast med høg energistandard, slik at energibehovet i sektoren kan bli halvert fram mot 2050. Ein kombinasjon av reguleringar, informasjonstiltak, finansiering og tilskot må på plass for å utløyse potensialet.
  • Vi må prioritere lokal energiproduksjon frå varmepumper, bergvarme, biogass og solenergi, saman med ein berekraftig bruk av bioenergi og utnytting av spillvarme.
  • Industri og næringar som skal vere med oss etter 2050, må bli prioritert med tilgang på kraft.
  • Overføringsnett til andre land skal ha som mål å bidra til meir effektiv og fornybar energibruk, ikkje omfattande eksport av straum.
  • Norsk olje- og gassverksemd må bli trappa ned og gradvis bli fasa ut ved at det ikkje blir opna for leiting og utvinning av olje og gass i nye område og med ein utfasingsplan som sikrar ei rettferdig omstilling til berekraftige næringar.
  • Olje- og gassindustrien må sjølv finne løysingar på utsleppsutfordringane sine utan elektrifisering frå land.
  • Grønt hydrogen, ammoniakk og e-fuel kan bli produsert i periodar med overskot, men gjev svært store energitap i omforming og vil berre kunne bli brukt i avgrensa omfang som klimatiltak.
  • Karbonfangst og -lagring (CCS) tek oss ikkje til nullutslepp og er i tillegg svært energikrevjande. CCS kan bli brukt der reelle nullutsleppsalternativ ikkje finst.
  • Alle nye bygg og infrastruktur må bli tilpassa eit nullutsleppssamfunn med redusert energibehov og utslepp frå anlegg og materialar. Transport må bli flytta frå veg til sjø og bane. Det må ikkje bli bygd nye motorvegar for 110 km/t, som aukar naturinngrep og energibehov.
  • Alle produkt må bli tilpassa reparasjon, ombruk og resirkulering. Ein sirkulær økonomi gjev stor reduksjon i behovet for energi og materialar frå uttak av naturressursar til produksjon og forbruk av produkt.
  • Dersom kjernekraft blir naudsynt for å oppnå full dekarbonisering i Noreg, må staten kunne garantere for at teknologi og utforming blir haldne til høgaste tryggleiksstandard, og at ei løysning for permanent lagring av avfall er påbegynt. Dagens eksisterande forskingsavfall skal sikrast forsvarleg inntil eit slikt lager er ferdig. Noreg må også fortsette å utvikle den høge kompetansen sin innan atomtryggleik og bidra til tryggleik internasjonalt.
  • Energieffektivitet må vere førande for global energi- og klimapolitikk. Noregs bistand på energifeltet må innebere auka energieffektivitet, for å stanse veksten i det globale energibehovet, vere eit avgjerande bidrag for utsleppskutt og legge til rette for ein overgang til fornybar energi. Samstundes må alle bli sikra tilgang til naudsynt og rein energi til ein overkommeleg pris.