Elvefestival på Voss
Opptatt av naturen og elvene våre? Bli med på elvefestival på Voss 6. – 7. september for å markere vassdragsvernet.

Meld deg på elvefestival på Voss 6.-7. september
Sjekk ut masse gøye aktiviteter, debatt om vassdragsvernet, grilling og mingling, og minikonsert og filmframsyning.
Meld deg på til sjølve festivalen ved Voss Vandrarheim i lenkja, og til aktivitetar i elva hos Voss Elveklubb.
Program, laurdag
11.00 – 16.00 – Aktivitetar i og ved elva
Oppmøte ved Voss Elveklubb i Tvildemoen. Her vert mogleg å velje mellom desse spennande aktivitetane:
- Prøv packraft, elvepadling og rafting. Kom deg ut på det krystalklare vatnet i Raundalselva og prøv deg i bølgene. Du vert godt teke vare på av dyktige instruktørar. Krev påmelding til elveklubben.
- Naturmangfaldsvandring langs elva. Bli med biolog, Mie, og geolog, Jamie, på vandring langs elva og få innsikt det unike økosystemet her. Turen er lettgått, og passer for dei fleste. Hugs å krysse av i påmeldinga.
- Symjing/snorkling i elva. Dersom vassføringa tillet det kan me få ein unik utsikt til dei djupe undervansgjela i dei rolege kulpane i Raundalen. 10 plassar tilgjengeleg. Første mann til mølla på dagen.
Merand kaffebrenneri har ope hus rett ved, og det vert høve å slappe av med lokal kaffe og noko å bite i ved elva etter endt aktivitet.
17.00 til seint – Film, føredrag, musikk og politikk
Møt opp på Voss Vandrarheim for ein kveld med rikt innhald:
1. Miniføredrag om naturen, lokalsamfunnet og verdiskaping. Innlegg frå lokale verksemder og ordførar om elva som verdiskaping og utfordringar knytt til flaum
2. Debatt/samtale om vassdragsvernet. Innleiarane møter stortingspolitikar til samtale om framtidas vassdragspolitikk.
3. Grilling og hygge. Me serverer nydeleg mat frå lokale gardar. Nyt maten og selskapet med utsyn mot det fantastiske Vangsvatnet. Pris 200 per pers. Hugs å krysse av i påmeldinga.
4. «Skal hilse fra naturen». Filmskaparen innleier før me får sjå denne perla av ein naturdokumentar. Noregs mest prisvinnande naturfilmfotograf har laga «Skal hilse fra naturen», ein sjeldant storslått film med oppsiktsvekkande bilete frå naturen i Noreg.
5. Minikonsert. Artist: TBA. Steminga vert sett før me vandrar heim eller avsluttar kvelden med bål.
Program, sundag
8.00 -10.30: Frukost med føredrag
Et frukost med mat frå Finnegarden, og nyt føredrag om elvenatur. Dersom du ynskjer frukost kan det betalast når du kjem. Om du kun vil høyre føredraget, startar dette kl 10.00. Føredragshaldar: TBA
11.00 – 14.00: Geologi og naturmangfaldsvandring langs Raundalselva, rettleia av geolog/biolog.
Me tek turen opp i eit av dei meir utilgjengelege delane av elva. For dei som ynskjer, vert mogleg å ta på våtdrakt og maske for å kikka under overflata og få utsyn til eit landskap få andre har sett! Hugs å krysse av i påmeldinga.
