Evig vernekamp i Romsdalen
7. februar 2007 avslo Olje- og energidepartementet søknaden frå Kvannkraft, og Kvanndøla i Isfjorden i Rauma kommune kan framleis renne fritt. Avslag på småkraftverksakene på 2000-talet var så få at dette måtte reknast som eit lite underverk, og ei stor oppmuntring til å stå på vidare.
Kvanndøla var verken den første eller den største saka innan vassdragsvernet i Rauma. Det har i mange tiår vore interesse for å bygge kraftverk langs Rauma. Då det var ein gjennomgang av vassdragskvalitetane på slutten av 1970-talet blei Rauma-Ulvåa rekna som det mest verdifulle av alle vassdrag i heile Sør-Noreg, sjølv etter inngrep i samband med Verma kraftverk nokre tiår før.
Planane om å bygge kraftverk og dammar i Romsdalen tok fart tidleg på 1970-talet. Konsesjonssøknad blei sendt i 1980, og same året blei motstandskampen fastare organisert. Boka «Rauma/Ulvåa på vektskåla, kraftutbygging eller vern» som kom i 1980 gir ein gløtt inn i arbeidet som Fellesutvalget for bevaring av Rauma/Ulvåa og Naturvernforbundet gjorde i denne saka. Boka i seg sjølv kan sjåast på som ein motdokumentasjon til utbyggingsinteressene: Vassdraget hadde langt større verdi utan utbygging, og denne informasjonen måtte ut. Her var kunst og kulturhistorie, seminarar og ikkje minst eit utal med samtalar med politikarar og andre som hadde med saka å gjere. Dei var til stades på minst 11 fylkestingssamlingar og fekk til og med taletid i fylkestinget. Saka bølgja fram og tilbake til det blei sett ein endeleg sluttstrek i 1993 då vassdraget blei med i Verneplan IV. Då var mange naturvernarar glade – og slitne, etter årelang kamp. Men det gjekk ikkje meir enn eit par tiår før stortingspolitikarar tok til orde for å ta opp kraftplanane på nytt. Kor varig er varig vern?
Heile det siste tiåret har opprusting av Verma kraftverk vore ei sak. No står slaget om ei regulering av eit naturreservat, eller å bygge ein ny dam ved sidan av den gamle, ein dam som Naturvernforbundet har teikna og rekna på. I Ørsta, Volda og Vanylven har ei stor småkraftverkpakke passert med Naturvernforbundet sine innspel i 2013. Småkraftutbygginga er så omfattande at ein står i fare for at sjølv «triviell vassdragsnatur» kan bli sjeldan vare. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal brukte meir enn 600 dugnadstimar i løpet av 2013 for å få fram omsynet til biologisk mangfald og friluftsliv berre i småkraftverksaker.
Les historier fra miljøkampen i andre fylker her.
Slått på Vollasetra
Det har ikkje vore slått på Vollasetra sidan midten av 1950-talet. Naturvernforbundet tok opp igjen skjøtsel på Vollasetra øvst i Sunndal hausten 2011. Dette er ei sak med berre vinnarar. Eigaren av setra får hjelp til å halde landskapet ope. Turistforeininga sitt kvarter får ei blomstereng som blir finare for kvart år. Vernestyresmaktene får hjelp til å ta vare på eit område med biologisk mangfald. Dei som er med på slått får ein eller fleire fine dagar med slått, fellesskap og tur for liten og stor. Engbakkesøte og andre planter, sopp og sommarfuglar takkar for hjelpa med å møte opp fleire for kvart år. Det blir slåttetreff for dei som er interessert også i jubileumsåret.
Paddetelling i Volda
Kvar er den største paddebestanden i Europa? Det veit Oddvar Olsen og Gunnar Wangen og Naturvernforbundet i Ørsta og Volda. Dei har nattestid på våren tald padder på veg til Litlevatnet i Austefjorden i Volda, ja dei har til og med ausa opp 12000 padder i bøtter og løfta dei over anleggsvegen eit år. Då Kvivsvegen tvinga seg fram fekk Naturvernforbundet gjennomslag for at det skulle byggast paddetunnelar under den nye vegen, og det blei heile 7 tunnelar som saman med omfattande leiegjerder gir håp om at det også i framtida blir eit eventyrleg paddeliv ved Litlevatnet.
Fakta
NATURVERNFORBUNDET I MØRE OG ROMSDAL
Jobbar no med
■■ Fiskeoppdrett
■■ Ulovlige søppelfyllingar
■■ Vasskraft
■■ Vindkraft
■■ Energisparing
Nøkkelinfo
Antall lokallag: 9
Leiar: Øystein Folden
E-post: moreromsdal@naturvernforbundet.no
Historie
Stiftet 13. juni 1969
Første leiar: Sverre Berg
Viktige sakar:
■■ Mardølaaksjonen (1970)
■■ Vern av Trollheimen (1987)
■■ Vern av Rauma og Ulvåa (1993)
■■ Holtaskarvegen i Surnadal blir stoppa (1995)
■■ Sunndalsfjella blir verna (2002)
■■ Vern av Reinheimen (2006)
■■ Miljøfestivalen arrangert på Standalseidet (2008)
■■ Djupvasskai i Kristiansund blir stoppa (2012)