Faktahefte om vindkraft
Naturvernforbunda i Møre og Romsdal og Trøndelag har gått saman om å gje ut eit faktahefte om vindkraft på land, som vi håper at kan vera til nytte i kampane mot vindkraftanlegg over heile landet.
Vindkraft på land i Noreg blir nesten berre lagt i naturområde, og gir i tillegg nesten alltid tap av det som blir definert som inngrepsfrie naturområde i Noreg (INON). Inngrepa er så omfattande at i Midt Noreg kan det vera rett å seia at dette representerer det største og mest skadelege naturinngrepet nokon gong.
Vindkraftanlegg er store inngrep, og som reine industriområde med stor aktivitet representerer dei tapte leveområde for mange artar. Grunngjevinga for inngrepa er at dette er Noregs viktige bidrag til den internasjonale dugnaden for klimaet, at norsk eksport av vindkraft vil fase ut forureinande kolkraft i Europa, og i tillegg nødvendig for å fase ut fossil energi i Noreg.
Vi vil vise kor store tap anlegga representerer for naturmiljøet, artsmangfaldet og friluftslivet, at klimaargumentet ikkje er gyldig, og at dette eigentleg berre dreier seg om eksport av norsk natur for profitt. Vi vil også vise at det er mogleg å fase ut den fossile energien i Noreg utan nye store kraftverk.
Vi håper at lesaren kan få fakta og argumentasjonar til bruk i arbeidet for å stanse det som kan bli den største samla nedbygginga av norsk natur nokon sinne.
Redaksjonskomité:
Mads Løkeland-Stai, Kari Merete Andersen og Hogne Hongset.
Gjeve ut av Naturvernforbundet i Trøndelag og Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
29. august 2019.
Artikkelen ble sist oppdatert: 13.09.2019