Folkefest for fjorden
Motstanden mot gruveplanane er stor, og synes berre å bli større og større, og det med god grunn. Førre helg så eg konturane av ein allianse som kan stoppe Nussirs planar om å sleppe miljøgifter ut i Repparfjord i Finnmark.
Jorunn Vallestad, fagrådiver i Naturvernforbundet
Det er ikkje berre berre med folkefest i Kvalsund når flyet som skal lande i Alta endar opp i Tromsø, når turguidar uteblir og du skal ta deg av ein gjeng med russarar som ikkje snakkar engelsk. Men kva gjere vel det? I ekte Nord-norsk ånd er det berre å senke skuldrane. Folk kjem når dei kjem og alt går bra til slutt. Her er det saka som står i fokus, og den er viktig.
Gruveselskapet Nussir ASA ynkjer å starte kobbergruve i den vesle bygda Kvalsund, og har søkt om å dumpe enorme mengder gruveavfall i den Nasjonale laksefjorden Repparfjord, nærare bestemt 30 millionar tonn, eller 17 lastebillass kvar dag, kvar time i minst 20 år.
Naturvernforbundet har mange allierte i synet på at dette er fullstendig riv ruskande gal utvikling. Det kom tydeleg fram i løpet av denne helga. «Reine fjorder kan ikkje kjøpes. Derfor bør dæm heller aldri vær til salgs!» var bodskapen frå Kirsti Bergstø frå SV. «Om Nussir får signal te å dumpe gruveavfall i fjorden, ska vi ikke gjøre det lett for dem å gjøre nettopp det» sa NU-leiar Arnstein Vestre i sin appell. Med seg til Kvalsund hadde han eit 50-talls ungdommar som er villige til å bryte loven for å hindre at Repparfjorden blir avfallsplass.
Engasjementet i ein fullstappa sal var stort, og det mangla ikkje på verken gullkorn, appellantar eller artistar i Kvalsund denne helga. Mari Boine skapte saman med Marion Palmer ein magisk stemning fredag kveld. Både musikk og engasjement viste seg å være eit universelt språk som også dei langvegsfarande gjestane frå Kola Environmental Centre i Russland forsto. Dei samarbeidar med Naturvernforbundet i eit prosjekt for å sette fokus på gruveproblematikk i Barentsregionen, og hadde tatt den lange vegen frå Murmansk og Kandalaksja for å støtte opp om kampen for Repparfjorden.
Motstanden mot gruveplanane er stor, og synes berre å bli større og større, og det med god grunn. Dersom regjeringa gir løyve til å dumpe avfallet frå gruveindustrien i fjordane plasserer den miljønasjonen Noreg på jumboplass internasjonalt. Der store gruvenasjonar jobbar for usynleg gruvedrift og null-avfall frå gruveindustrien blir det feil utvikling å opne opp for endå fleire dumpingplassar i norske fjordar.
Det er på tide å sei stopp for denne miljøskadelege praksisen, og arrangement som dette i Kvalsund i helga er med på å løfte fram det store folkelege engasjementet i fjordsakene.
Søndag formiddag vart festivalhelga avslutta med ein tur til dei gamle dagbrota frå tidlegare gruvedrift på Ulveryggen, som framleis ligg som opne sår i landskapet. Sjølv om ny gruvedrift er søkt om som underjordsdrift var bekymringa stor omkring naturinngrepa, då spesielt i fjorden der gruveselskapet ynskjer å dumpe avfallet. Meldinga til Nussir direktør Øysten Rushfelt som også var med på turen var klar. «Skal gruvedrifta kunne ha nokon framtid her, MÅ du finne alternativ til å dumpe avfallet i sjøen. Og då snakkar vi ikkje om landdeponi, då snakkar vi om alternativ bruk av massen og tilbakefylling i gruvegangane av det som ikkje kan bli brukt.»