Kva kan du gjere?
Engasjer deg! Naturvernforbundet har fleire lokal- og fylkeslag som jobbar med lokale gruveprosjekt. I tillegg har vi eit gruveutval som jobbar med nasjonal politikk.
Ta kontakt med ditt fylkeslag eller fagrådgjevar Johanne Frost Klepp på jfk@naturvernforbundet.no dersom du ynskjer å bidra i arbeidet.
Sei di meining. Eit lesarinnlegg til lokalavisa eller eit «liker» på facebook. Alt hjelper for å løfte saka høgare på dagsorden. Du kan starte med å like sida «Nei til gruveavfall i norske fjordar» her.
Ver med og sprei engasjementet! Snakk med familie, vennar og kollegaer om saka. Dess fleire som ynskjer å bevare fjordane fri frå gruveavfall, dess større er sjansen for å klare det. Kanskje kjenner du også ein politikar som blir glad for litt meir kunnskap om saka?
Vær ein bevist forbrukar. Mykje av minerala går til å produsere elektroniske duppedingsar vi brukar i kvardagen. Tenk gjennom om du treng den nye iPaden. Kanskje kan den kjøpast brukt? Hugs å levere gammal elektronikk tilbake til butikken. Dess meir vi gjennvinnar, dess mindre nye ressursar treng vi å utvinne.
Bli medlem! Er du ikkje medlem i Naturvernforbundet endå? Vi treng alle dei støttespelarane vi kan få for å vinne kampen for dei reine norske fjordane. Om du allereie er medlem, kva med å verve ein venn?
Gi naturen en gave!
En gave til Naturvernforbundet bidrar til å ta vare på natur og klima. Sammen lar vi naturen gå i arv.