Landsmøteuttalelse 2013: La verneområda vere i fred!

Ein del politikarar frå ymse politiske parti ynskjer tydlegvis omkamp om dei verna elvane og verneområda våre. I det siste er det såleis kome høglytte krav om at ein må tillate kraftutbygging også i verna elvar og verneområde. I grunngjevinga for desse krava vert det og gjerne hevda at dette kan skje på ein ”skånsam måte” og at det her er snakk om fornybar energi som Noreg og verda treng. I tillegg har regjeringa gitt klarsignal for å byggje i freda område som Åkersvika i Hedmark og Sørdalen i Sogn og Fjordane. Dette sender skremmande signal. Vi må kunne vere sikre på at freda betyr freda!