Landsstyreuttalelse: Noreg treng ein ny kraftlinepolitikk

Landsstyret i Noregs Naturvernforbund krev at Stortinget vedtek ein ny kraftlinepolitikk som sikrar omsynet til naturmangfaldet. Stortinget har vedtatt at Noreg skal stanse tapet av naturmangfald innan 2010. Det viktigaste trugsmålet mot naturmangfaldet er i dag nedbygging og oppstykking av samanhengande naturområde, og inngrep i leveområda for plantar og dyr. Statnett sine mange nye planane om nye store kraftliner aukar presset mot naturmangfaldet ytterligare.