Mineralpolitikk og miljø: Der lovverket berre gjeld inntil eit visst beløp

Nylig var det på høyring ein reguleringsplan om nyopning av Sulitjelma gruver som omfattar utpumping av 6 millionar kubikkmeter sterkt forureina gruvevatn utan reinsing, direkte i Langvatnet, og vidare ut i Skjerstadfjorden.

Reinseanlegg blir sett på som alt for kostbart.  At det i det heile er mogleg å fremme ein slik plan i fullt alvor i 2015, må bli sett på som eit uttrykk for kor låg næringa oppfattar den nasjonale standarden for miljø og forureining å vere. Miljødirektoratet har, med støtte frå regjeringa, etablert ein praksis dei siste åra der dei har gjeve løyve til enorme og sterkt skadelege utslepp av gruveavfall i norske fjordar:

  • Dumping av gruveavfall med kjemikaliar i Bøkfjorden utan konsekvensutgreiing
  • Kraftig auka i dumping av gruveavfall med kjemikaliar i Ranfjorden
  • Dumping av gruveavfall med kjemikaliar i Førdefjorden
  • Dumping av sterkt tungmetallhaldig gruveavfall med kjemikaliar i Repparfjorden

Miljødirektoratet har enno ikkje fått søknad frå Nye Sulitjelma Gruver om å dumpe dei enorme mengdene forureina gruvevatn rett ut i Langvatnet, og det bør vera opplagt at ein ikkje gir løyve til dette, men ein bør vel heller ikkje bli alt for overraska om det blir resultatet etter kva Miljødirektoratet har gjort i dei andre sakene.

Det alvorlege er at gjennom dei mange ekstreme utsleppsvedtaka frå 2008 til 2015, har Miljødirektoratet slått fast at det i praksis ikkje finst noka grense for kva forureining ein kan få løyve til å sleppe ut i norske fjordar, så lenge tiltaket er tilstrekkeleg stort og med stor nok forventa økonomisk gevinst.

Dette signalet har Nye Sulitjelma gruver fått med seg, og fremmer altså no ei vanvittig forureiningssak som ingen kunne tru var mogleg å fremme, berre for nokre få år sida.

Situasjonen har blitt alvorleg, og kritisk når det gjeld miljørett i Noreg.  Miljødirektoratet  og regjeringa har etablert ein ny de facto miljøjuss, utan vedtak i Stortinget, og som har sett gjeldande miljølovverk til sides, også grunnlovas § 112.

Lars Haltbrekken,
Leiar i Naturvernforbundet

Mads Løkeland,
Gruveutvalet i Naturvernforbundet

Stod som lesarinnlegg i Klassekampen 24.02.2016 og i Adresseavisa 25.02.2016