Naturens rettsvern må styrkast og nedbygginga stansast – det grøne skiftet må ikkje føre til meir nedbygging av natur
For å stoppa og snu tapet av den uerstattelege artsrikdomen og bremsa klimaendringane treng naturen eit langt sterkare vern mot vidare nedbygging.
Uttalelse vedtatt på Naturvernforbundets landsmøte på Hamar 22.-24. april 2022
Naturen med sitt rike mangfald er grunnlaget for alt liv på jorda. I verda i dag øydelegg me livsgrunnlaget vårt i stadig raskare tempo. For å stoppa og snu tapet av den uerstattelege artsrikdomen og bremsa klimaendringane treng naturen eit langt sterkare vern mot vidare nedbygging.
Nedbygging og arealbruksendring er den viktigaste årsaka til at leveområda til artane vert øydelagt, og det svekkar økosystema og reduserer naturens motstandskraft. Resultatet er at livsviktige tenester som naturen sørgjer for, vert redusert og kan forsvinne.
I fjell-, skog- og kystnatur over heile Noreg vert det planlagt og bygd nye vegar, hyttebyar, vind- og vasskraft, boligar og energikrevjande industri. Kvart einaste år går meir natur tapt. Utviklinga må snus, og regjeringa og Stortinget må ta grep og innføre eit nasjonalt naturbudsjett med eit forpliktande rekneskap over arealbruken og over naturen i kommunane.
Naturvernforbundet er særs bekymra for at ansvaret for plan- og bygningslova vart fjerna frå Klima- og miljødepartementet, og at statsforvaltaren vart instruert til færre fråsegn til fordel for lokalt sjølvstyre. Den forrige regjeringa har sterkt svekka miljøforvaltninga i Noreg. Dette ser ut til å bli fulgt opp av nåværande regjering.
Tusenvis av forvaltningsvedtak med store og irreversible konsekvensar for natur og miljø vert kvart år fatta utan at sivilsamfunnet og frivillige organisasjonar har reelle moglegheiter til å prøve dei for domstolane som følge av svimlande kostnadar. Dette undergraver naturen sitt rettsvern. Grunnlova § 112 gjev folk rett til eit miljø som sikrar helsa, og til ei natur der produksjonsevna og mangfald bevarast og skal sikrast også for etterslekta.
- Plan- og arealforvaltinga skal tilbakeførast til Klima- og miljødepartementet.
- Prosessen med å oppretta ein miljøklagedomstol eller tilsvarande i Noreg skal vera i gang.
Stortinget skal innføra eit nasjonalt naturbudsjett samt natur- og arealrekneskap som styringsverktøy i kommunane si planforvalting.