Unik gamalskog trua av industri

Ein av dei eldste kystfuruskogane ved havnivå på Vestlandet kan forsvinne. På Holmaneset i Bremanger planlegg selskapet Fortescue hydrogen- og ammoniakkindustri der furuer har stått i fleire hundre år. No har Kommunal- og distriktsdepartementet midlertidig stansa reguleringsplanen medan klager blir behandla.

En gutt tar seg en hvil oppe i en av de gamle krokete furuene på Holmaneset. Foto: Kari-Anne A. NygardFoto: Kari-Anne A. Nygard
Foto: Kari-Anne A. Nygard

Tekst: Allette Alværvik 

På ein odde innsvinga ved fjordarmen Nordgulen på Vestlandet ligg det ein skog med furuer som har forma seg etter lokaliteten. Kystfuruer. Dei krokar seg til alle kantar, og stikker ikkje rett opp i været slik som vanlege furuer. Her har furuene fått stått i 200-300 år og blitt forma av klimaet ved kysten, den eldste furua målt her er 350 år gamal. Tynne eller tjukke har inga betydning for alderen, dei har stått på havnivå og tatt vare på dyrelivet og artsmangfaldet både i skogen og nærliggande holmar og øyar. Folk som reiser forbi veit kanskje ikkje kva skattar som skjuler seg på odden, men lokalbefolkninga og andre godt kjende veit at å vandre i dette området er magisk og gir ein god pust i bakken. Her kan innbyggarane frå Svelgen i Bremanger kjenne på at dei har noko unikt i området sitt, noko som ingen andre har: Her ligg naturskogen som er den eldste gjenverande førekomsten av gammal kystfuruskogane ved havnivå på Vestland, med namnet Holmaneset.

Ein av dei eldste kystfuruskogane ved havnivå på Vestlandet kan forsvinne. På Holmaneset i Bremanger planlegg selskapet Fortescue hydrogen- og ammoniakkindustri der furuer har stått i fleire hundre år.

Kari-Anne A. Nygard, frå Florø, men med tilknyting til Svelgen, skildrar opplevinga slik:

– Eg får ei så enorm sterk kjensle i gammalskogen på Holmaneset som kjem stille men tung. Det er som om lufta ber på gamle minne, og kvart tre står som vakter frå ei anna tid. Eg går mellom trea og verda utafor blir fjernare for kvart steg. Her i gammalskogen pustar alt rolegare, djupare – og eg er med.

Vestlandet er kjent for å ha rike furuar som står eviggrøne i alt slags vær og vind, du kan røske så mykje du vil i furuane, dei vil stå der støtt igjennom livet ditt og vokse seg sterkare. Vestlandet har unik natur og variasjonen i terrenget er likeså. Du kan finne deg sjølv på toppen av eit fjell, nedi ein dal for så å passere kysten og befinne deg på ei øy etter berre nokre timar køyring. Dette gir grobunn for unike naturopplevingar og kvart enkelt område vil bli forma av omgivnadane. Slik er det òg med dei unike  naturskogane på Vestlandet, dei vil vere tilpassa sitt området og forma deretter.

Holmaneset i Bremanger. Foto: Andreas Trøite Hessvik

Løyve til amminiakkfabrikk

Likevel har kommunen sett av området til industri, og Fortescue har fått løyve til hydrogen- og ammoniakkproduksjon. Statsforvaltaren i Vestland har omtalt lokalisasjonen som svært spesiell der skogen veks ved havnivå på lett tilgjengeleg flatmark, og er assosiert med store marine naturverdiar. Om planane ikkje blir stogga, kan skogen bli erstatta med betong, sjølv om frivillige har engasjert seg for å stoppe utbygginga før irreversible skadar oppstår.

Det er ikkje industrien i seg sjølv som skaper engasjementet – fjordarmen har allereie tung industri: Elkem Bremanger, steinbrot, fiskeoppdrett og kraftproduksjon. Problemet ligg i at lokaliteten valt ut er kjerneområdet for gammalskogen, brukt til friluftsliv, dykking, fisking og segling.

Aase Turid Standal, oppvaksen i Svelgen, fortel:

– Holmane sykla vi ofte til som små på sommaren og bada og leita etter krabbe i fjæra. På Holmaneset har eg gått mange fine turar ut gjennom denne fantastiske gammal furuskogen. Det er som å stå i en mektig katedral! For meg er dette heilt  ubegripeleg at ein kan  velgje bort noko så fantastisk mot ein så eksplosjonsfarleg fabrikk.

Gamal unik kystfuruskog med krokete furuer gir ro i sjela. Foto: Kari-Anne A. Nygard

Skogen på Holmaneset er ikkje berre viktig for lokalbefolkninga, men også for fuglereservatet Tennøyane. I området finn vi dei trua fugleartane: vipe, storskarv, hettemåke, makrellterne, dvergdykker, krykkje, storsporv og mange fleire. I tillegg er det observert flaggermus i området. Fuglane held seg ikkje berre på fuglereservatet. Dei er avhengig av nærområdet for å finne næring og ly. Når ein viktig skog nær eit naturreservat blir øydelagt og fragmentert, mistar sjøfuglane ein av dei få stabile resursane dei har att. Det er allereie tøffe tider for sjøfuglane i Vestland, og utviklinga dei har hatt dei siste åra viser kor sårbare dei er for endringar. Fjerning av slike økosystem kan påverke Vestlandets fugleliv i framtida.

Stad for ro

– Holmane har alltid vore ein stad eg har kunna søke ro. Dei siste åra har mykje av roen blitt borte bit for bit med både steinbrudd og vindkraftverk rundt. Når eg går rundt i gamalskogen yst på Holmaneset får eg igjen ein følelse av at eg er ein del av noko stort som går langt tilbake, store stolte og majestetiske tre som står og kjempar mot stormen, seier den naturengasjerte grunneigaren Trude Hessvik-Trøite.

Det er ikkje berre eit lokalt naturvernspørsmål når skogen på Holmaneset blir truga. Det er ein del av eit større bilete, der kvar bit av intakt natur rundt sjøfuglreservata kan vere avgjerande for om Vestlandet framleis skal ha eit rikt fugleliv i framtida. Å ta vare på desse områda er å ta ansvar for eit økosystem som allereie er på randen. Som naturvernar forstår vi ofte samanhengen i naturen og prøver å formidle det til dei som skal forvalte at dei kan ikkje få i pose og sekk, vi må ta tøffe val når industrien bankar på døra og vil gjere nærnaturen om til flatpakka sement på oddar og holmar.

Igjennom skogen på Holmaneset har utbyggar allereie vore og kutta ned tre og laga det Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner er ulovlege skogsvegar.

Utbyggar har tatt seg til rette

Igjennom skogen på Holmaneset har utbyggar allereie vore og kutta ned tre og laga det Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner er ulovlege skogsvegar. Her gav utbyggar beskjed om at arbeidet med å ta boreprøver kunne skje utan at det kom til å skade store tre i området, «Store trær vil ikkje berøres». Som ein ser av skadane på bileta er det motsette skjedd, og fleire furuer er felt og det er anlagt veg. Skogen sitt økosystem har fått eit opent sår tvers igjennom seg. Forholda er politimeldt og tipsa til økokrim, men endå er det ikkje tatt ut straff for omfanget av øydelegginga.  Å ta seg til rette i eit området på denne måten med å lage seg ein skogsveg tvers igjennom ein skog, er søknadspliktig, noko som ikkje er skjedd i dette tilfellet.

Midlertidig stans frå departementet

Nyaste utviklinga: Kommunal- og distriktsdepartementet har bestemt at reguleringsplanen ikkje kan setjast i verk før klagene er ferdig behandla. Planlagde arkeologiske utgravingar blir dermed også stansa. Dette gir lokalbefolkninga og naturvernarar ei pause til å kjempe for skogen før irreversible skadar skjer, men framtida til Holmaneset er framleis uvisst.

Gamalskogen på Holmaneset har halde ut uvær og stormar i hundrevis av år, men no er det menneskelege planar som trugar den. Korleis samfunnet vel å verne eller byggje over denne naturperla, vil setje standard for Vestlandets naturopplevingar og økosystem i generasjonar framover.