Vern av Sognefjorden – vår verdsarv og vårt ansvar for framtida
Å verne Sognefjorden er kritisk for å ta vare på det unike naturmangfaldet til fjorden og for å sikre at sårbare marine økosystem får den nødvendige beskyttelsen.
Uttale vedteke av landsmøtet i Naturvernforbundet 10. november 2024:
Naturvernforbundet krev at Sognefjorden vert verna. Både kommunane langs fjorden og staten tek sitt ansvar for å sørge for at dette vernet vert vedteke og gjennomført. Å verne Sognefjorden er kritisk for å ta vare på det unike naturmangfaldet til fjorden og for å sikre at sårbare marine økosystem får den nødvendige beskyttelsen.
Sognefjorden er ein av dei mest kjende fjordane i verda og representerer noko av det vakraste og mest verdifulle vi har i Noreg. Fjorden huser sårbare økosystem, som tareskog, ålegrasenger og gyteområde for fiskeslag som torsk og sei. Desse økosystema er avgjerande for å oppretthalde det biologiske mangfaldet i fjorden og verdien det har.
I tillegg til å vere eit biologisk skattekammer er Sognefjorden også ein viktig del av kulturarva vår. I tusenvis av år har fjorden vore livsnerven for lokalsamfunna langs kysten og har forma både samfunn og landskap. Å verne Sognefjorden handlar ikkje berre om å beskytte eit geografisk område – det handlar om å ta vare på eit samspel mellom natur og menneske, ein del av vår felles arv og historie.
Eit marint vern av Sognefjorden vil vere eit viktig steg for å sikre både naturmangfaldet og miljøet. Samstundes kan det bli ei suksesshistorie for Noreg, der vi viser ansvar og respekt for internasjonale avtalar og forpliktingar. Dette vernet kan vise at vi kan ta leiarrolla i å beskytte sårbare område og kan inspirere andre nasjonar til å gjere det same. Noreg kan vise at langsiktig vern er mogleg.
Andre stader i landet, som i Sunnfjord og Førdefjorden, har naturen blitt ofra for kortsiktig økonomisk vinning. Desse områda burde stå som ei påminning om kva som skjer når naturverdiane ikkje blir prioritert. Sognefjorden kan bli symbolet på noko anna – ei moglegheit til å gjere det rette og setje eit eksempel for framtida.
Vi i Naturvernforbundet krev at Sognefjorden vert verna, og at både kommunane og staten aktivt støttar dette vernet. Føre-var-prinsippet, slik det er forankra i naturmangfaldlova, må liggje til grunn. Fjorden er uerstatteleg, og verninga vil sikre at både naturressursane og kulturarven blir bevart for generasjonar framover.