Vern Garbergelva 

Landsmøtet i Naturvernforbundet krev at Garbergelva blir verna. Dette er den siste store elva i Selbu som ikkje er påverka av kraftutbygging.

Garbergelva

Uttale vedteke av landsmøtet i Naturvernforbundet 10. november 2024:


Dei siste 60 åra har Selbu og Tydal ofra mykje natur til utbygging av kraftproduksjon, og i 2018 vart også Stokkfjellet bygd ned med vindkraftverk. Berre i Selbu blir det produsert om lag 600 GWh, noe som er 9 gonger så mye som forbruket i kommunen. Som all anna kraftutbygging går naturverdiar tapt. 

Store delar av nedslagsfeltet til Garbergelva er i Skarvan og Roltdalen nasjonalpark. På vegen ned mot Selbusjøen er det fossar og stryk i trong dal med rik vegetasjon. Her er det raudlista arter som mellom anna førte til at Energidepartementet i 2019 sette ein stoppar for utbygging av kraftproduksjon i elva. Energidepartementet skriv mellom anna: «Det vises også til Garbergselvas fosselandskap, og at verdien for friluftsliv er betydelig pga. urørthet og moderat tilgjengelighet.» 

I Selbu har kraftutbygging gått særleg ut over fiske. Selbusjøen hadde ein solid stamme av storaure som nå er i fare for å bli utrydda. I denne samanhengen er Garbergelva særs viktig som gyteelv. Frå før har Nea mista verdien som gyteelv på grunn av regulering og lite vassføring. 

Konklusjonen til Energidepartementet i 2019 var følgande: «Etter en samlet vurdering finner departementet at fordelene og nytten ved tiltaket er mindre enn skadene og ulempene for allmenne og private interesser. Vilkåret for å gi tillatelse er dermed ikke oppfylt, jf. vannressursloven § 25.» På same tid var og kommunestyret i Selbu positiv til at Garbergelva skulle renne fritt utan inngrep. 

Når det nå kjem opp nye planar om kraftutbygging og at Prestfossen skal inn i røyr, er dette i strid med tidlegare vedtak. Naturvernforbundet i Noreg krev at planane blir lagt bort, og at det vert sett i gang arbeid med å få Garbergelva verna.