Då Vettisfossen fekk varig vern

I år er det 100 år sidan Vettisfossen blei verna! Her er den fornøyelege historia om korleis vernet kom til.

FossSascha Kilmer

Kort fortalt

Vettisfossen er Nord-Europas høyeste uregulerte fossefall med et fritt fall på 273 meter. Vestlandske Naturfredningsforening (i dag Naturvernforbundet) kjøpte Vettisfossen av Jørgen Vetti. Dette banet vei for at Vettisfossen ble fredet 8. februar 1924.

Vettisfossen var det første vassdraget som ble vernet i Norge. Først i 1973 fikk vi den første verneplanen og mer fokus på å ta vare på de siste skattene av vassdragsnatur i Norge.

I 2024 feirer vi at fossen har vært vernet i 100 år!

Då Vettisfossen fekk varig vern

Av Erik Solheim, tidligere leder i Naturvernforbundet

Første gongen vern av vassdrag vart noko av her i landet, var i 1898. Det galdt to fossar – Tyssestrengene og Skjeggedalsfossen i Tyssedal, Odda kommune. Dei to elvane rann ned i Ringedalsvatnet.

Det var bygt ein turistveg frå sjøen og opp til det vakre og ettertrakta vatnet, etter ønskje frå grunneigarane og turistnæringa. Det meste av kostnadene hadde Den norske Turistforening betalt. Som motyting gjekk grunneigarane med på at dei aldri skulle overlate dei to fossane til industrielle anlegg. Dei skulle halde vassfalla frie for alle slags tekniske og industrielle inngrep frå Ringedalsvatnet og opp til dei høgste toppane. Denne avtalen vart ein servitutt, eit hefte på eigedomane.

Men det varde ikkje lenge. Frå A/S Tyssefaldene hadde DNT fått spørsmål om å selje servituttet. 240 000 kroner ville kjøparen betale. Saka kom opp på generalforsamlinga i DNT i mai 1919, med tilråding frå styret om å godta tilbodet frå dei som ville få elektrisk kraft ut av fossane.  På møtet kom det oppglødde og sterke innvendingar mot framlegget frå styret. «Man skal ikke selge sin sjel for mammon», sa advokat Ottesen. Ekspedisjonssjef Rosendahl: «… vi kan ikke bruke sterke nok ord om det som her foreslås».

Voteringa enda med 96 røyster for sal og 96 mot. Avtalen stod ved lag. Men året etter, i 1920, kom spørsmålet opp att. Debatten var heftig også denne gongen; styret måtte høyre sterke ord. Men stemninga hadde snudd. 361 røysta for å godta tilbodet frå A/S Tyssefaldene, mot 69.

Jens Holmboe, professor i botanikk og formann i Vestlandske kretsforening for naturfredning i Norge, hadde gått kraftfullt imot salet. Det same gjorde Odda ungdomsslag, Hardanger ungdomslag og bøndene som hadde gjort avtalen med DNT. Debatten gjekk i fleire aviser.

Ned eit fritt fall på 261 meter heng fossen som eit slør i det mektige Utladalsgjelet.

På dei to generalforsamlingane var det oppe forslag om å bruke ein del av salssummen til å få i stand avtale om fossevern ein annan stad. Vettisfossen hadde nokre nemnt på møta. Dette var òg ein kjend turistfoss så tidleg som midt på 1800-talet. Ned eit fritt fall på 261 meter heng fossen som eit slør i det mektige Utladalsgjelet.

Jens Holmboe greip sjansen. Hausten 1921 drog han og Heiberg, også han styremedlem i Vestlandske, til Jørgen A. Vetti, eigaren av fossen. Dei lukkast med sitt ærend. Vetti skreiv under ein tekst om å la fossen renne fritt, utan utbygging, sprenging eller andre inngrep. Dette skulle bli bindande dersom Vestlandske innan 1. oktober året etter betalte eigaren 15 000 kroner.

Å få inn desse pengane gjekk seigt. DNT skaut inn halve summen, 7500 kroner. Utanriksminister Mowinckel gav 1200 kroner og Årdal kommune 250. To gonger gjekk Vetti med på å utsetje fristen for betalinga. Holmboe kjempa si sak i skrift og tale, men pengane var ikkje lette å løyse. Likevel, den 28. juni 1923 fekk Jørgen Vetti den avtalte summen. Vernet var stadfesta. Styret i Vestlandske kretsforening sa frå seg retten til å selje servituttet eller på annan måte skaffe seg økonomiske gode av det.

Så, den 8. februar 1924 vedtok regjeringa med kongeleg resolusjon varig vern mot «ødeleggelse eller beskadigelse eller forandringer av ethvert slag», i tråd med avtalen med Jørgen Vetti. 52 år seinare, i 1976, tok Stortinget Utla med i Verneplan for vassdrag. Dermed vart også fleire andre mektige fossar i det intense Vettisgjelet sikra for framtida. I 1980 vart i tillegg 321 kvadratkilometer verna som Utladalen landskapsvernområde.