Er fjorden til for gruveavfall?
Nordic Mining kjem i eit brev til Naturvernforbundet 22. mai med den underlege påstanden at dei norske fjordane er naturgjevne føresetnader for dumping av gruveavfall. Som om fjordane vart danna for at menneska skulle ha ein plass å gjere av avfallet sitt!
Av Jorun Vallestad og Lars Haltbrekken, Naturvernforbundet
Opp gjennom historia har dei norske fjordane vore sjølve livsnerven for folket langs kysten. Dei har vore ei nærast uuttømmeleg kjelde til mat og andre ressursar, inspirasjon, naturopplevingar og næringsutvikling. Fleire gongar er Vestlandsfjordane kåra til det vakraste reisemålet i verda. Fjordane er i dag magneten som trekkjer turistar til landet vårt. Avfallsplassar er sjeldan gode turistmål, og dei fleste ville tenkt seg om to gangar før dei åt mat som vart dyrka på ein avfallsplass.
Nordic Mining hevdar at det berre er eit lite område på botnen av fjorden som blir påverka av gruveavfallet, og at det skjer i eit kort tidsrom før livet vender tilbake som det var før. Dette er kunnskapslaust og viser at dei har betre greie på å sprenge fjell enn på samspelet i naturen vår. Fjordane er samanhangande økosystem både horisontalt og vertikalt. Når botnlivet døyr, så rammar det ikkje berre botndyra, men heile livet i fjorden. Mellom anna forsvinn næringsgrunnlaget for mange av dei andre artane som ikkje blir direkte liggande under deponiet. Det livet som til sist vil etablere seg på deponiet etter at gruva er stansa, kan bli eit heilt anna og med mindre biologisk variasjon enn det opphavlege livet.
Nordic Mining fortset hardnakka å hevde at avfallet dei ynskjer å dumpe i Førdefjorden ikkje er giftig. Dette stemmer dårleg med deira eigen søknad der vi hentar ut følgjande tall: Utsleppet vil årleg vere på seks millionar tonn gruveavfall, som undervegs i prosessen blir tilsett 1200 tonn svovelsyre, 1000 tonn natriumsilikat, 1000 tonn fosforsyreesterar, 360 tonn karbonsyre og 15 tonn akrylamid (Magnafloc 155). Dette er sterke syrer, basar og løysemiddel. Av massen vil i tillegg omkring 600.000 tonn i året vera partiklar under ti mikrometer, og ein del av dette som nanopartiklar. Forsking har vist at titandioksid nanopartiklar kan gje stor skade på sjølevande organismar, og det har nyleg blitt retta merksemd mot dette produktet, brukt i solkrem og kosmetikk, på grunn av den store kreftfaren.
Sjølvsagt ynskjer Nordic Mining at titandioksidet dei vinn ut skal brukast til å produsere metallisk titan, som er eit viktig materiale innan medisin/helse og miljøteknologi. Men faktum er at over 90 prosent av titan i dag blir brukt som fargestoff og fyllstoff, blant anna i måling, matvarer og tannkrem. Er Nordic Mining villig til å garantere at deira titandioksid utelukkande vil gå til produksjon av metallisk titan? Om ikkje, er det verdt å spørje seg om vi skal ofre den vakre og reine Førdefjorden for å produsere kreftframkallande kosmetikk. Det er ikkje all etterspurnad i marknaden som bør dekkast.
I sitt brev frå 22. mai, kallar Nordic Mining det ”lettvinte usannheter” når Naturvernforbundet hevdar at Noreg er eitt av berre fire land i verda som praktiserer sjødeponi av gruveavfall. Vi baserer oss på International Maritime Organization (IMO) sin rapport skriven på oppdrag frå FN i 2012, og som oppgjev ei gruve i Tyrkia, ei gruve i Indonesia, tre i Papua New Guinea og fem i Noreg med utslepp av gruveavfall inkludert faststoff til sjø. Vi finn det underleg at Nordic Mining avviser FN-dokumentasjon som ”lettvinte usannheter”, og etterlyser deira dokumentasjon for fleire sjødeponi.
Nordic Mining hevdar også at dei har til gode å finne nasjonar som har lovmessig forbod mot sjødeponi. Igjen kan IMO hjelpe oss med dokumentasjon. For nokre år sidan tok dei kontakt med underskrivarane av Londonkonvensjonen mot forureining av havet og bad om tilbakemelding på dette. Kina, Australia og Brasil melde frå om at dei hadde heilt klårt lovmessig forbod mot sjødeponi. I tillegg erklærte USA og Filippinane at dei hadde lovverk som i praksis medførde forbod.
Det er ingen tvil om at det er eit sterkt internasjonalt arbeid i gang for å få slutt på sjødeponi av gruveavfall, noko som har ført til at mange land som tidlegare praktiserte sjødeponi for lengst har slutta med det, til dømes Danmark (Grønland), England, Hellas, Spania og Filippinane.
Alle desse landa har kystlinje, og burde derfor etter Nordic Mining sin definisjon ha naturgjevne føresetnadar for å dumpe avfallet på havet. Likevel gjer dei det ikkje. Vi håpar Nordic Mining vil snu i sitt syn på at dumping av avfall i matfatet er eit «godt miljøprosjekt».