Kva gjere vi?

Dårlige gruveprosjekt er ein trussel mot naturmangfald, landskap og berekraftige næringar. Vi kjempar for dei gode løysingane og ein strengare regulering av gruveindustrien.

Arbeidar mot nye sjødeponi i Repparfjord og Førdefjorden.

Søknadar om mineralutvinning med store sjødeponi er no til handsaming for to av våre verdifulle laksefjordar, Repparfjord i Finnmark og Førdefjorden i Sogn og Fjordane. Naturvernforbundet jobbar aktivt for å forby sjødeponi og har valt ut desse to sakene som prioriterte arbeidsområde. Vi har kome med innspel til planane og jobbar politisk for å hindre at gruveselskapa skal få løyve til å bruke desse fjordane som søppelfylling.  Vi jobbar med å løfte fram desse sakene i media og spreie informasjon om konsekvensane av eventuelle utvinningsløyver. Vi arrangerer seminar og markeringer for å spreie kunnskap og vise fram det store folkelege engasjementet mot sjødeponi. 

Fremmar gode løysingar.

Regjeringa la i 2013 fram en strategi for mineralnæringa i Noreg. Der heiter det at Noreg skal vere i verdstoppen når det kjem til miljø. Vi er ikkje ein gong i nærleiken. Naturvernforbundet jobbar derfor med å vise fram dei gode initiativa vi finn i andre land, og som Noreg med fordel kan lære av. 

Stiller strenge miljøkrav.

Skal gruveindustrien ha ei framtid i Noreg kan ikkje utvinninga gå på bekostning av viktige naturverdiar, naturbaserte næringar og framtidas generasjonar. Naturvernforbundet har derfor laga ei liste med kriterier som må vere oppfylt for at mineralutvinning skal kunne tillatast. -> Prinsipp for miljøvenleg gruvedrift.