Handlingslaus plan for naturen

Naturen er sjølve livsgrunnlaget vårt. Dette er den første – og beste – setninga i den nye norske handlingsplanen for naturmangfald.

Stortingsmeldinga Natur for livet, som var på høyring på stortinget 7. april i år, skulle vere handlingsplanen som gjere til at vi når det internasjonale målet om å stoppe tap av natur innan 2020. Dessverre er det ikkje samsvar mellom viktigheita i denne oppgåva, og dei få tiltaka som blir presentert i planen. Det er nødvendig å fylle handlingsplanen med reell handling!

Det er 14 år sidan den førre handlingsplanen vart lagt fram. Den gav oss mellom anna viktige forvaltningsverktøy som Naturmangfaldsloven og Artsdatabanken. Forventningane til den nye handlingsplanen var derfor store, og skuffelsen over den handlingslause planen tilsvarande.

Allereie i 2011 presenterte Naturvernforbundet i samarbeid med Utviklingsfondet og Regnskogsfondet rapporten Naturmangfold 2020,  med over 120 konkrete forslag til korleis Noreg kan følgje opp Konvensjonen om biologisk mangfald og målet om å stanse tapet av naturmangfald. Skuffande nok er dei aller fleste av desse forslaga like aktuelle i dag, og glimrar med sitt fråvær i den nye handlingplanen.

– Manglar effektive tiltak

Handlingsplanen som no ligg føre slår fast kor avhengige vi er av naturen, kor viktig det er å ta vare på den, og identifiserer mange av truslane. Men i alt for stor grad manglar effektive tiltak, mål og handlingsplanar for å stanse tapet av artar og natur.

Derfor har ei arbeidsgruppe der Naturvernforbundet har deltatt saman med fleire andre miljøorganisasjonar og biologar utarbeida 33 forslag for naturen – med forslag til korleis Stortinget kan styrke handlingsplanen.

Nye nasjonalparkar, individmerking av oppdrettslaks, ei eiga natur og miljøklagenemnd og ny verneplan for vassdrag er blant tiltaka som her blir foreslått.

Vi set no vår lit til at Stortinget tek grep og klarar å styrke handlingsplanen gjennom stortingsbehandlinga.