Krev forbod mot dumping av gruveavfall i sjøen

Det dukkar stadig opp fleir planar for dumping av gruveavfall i verdifulle fjordar. I eit brev til Miljøverndepartementet og Fiskeri- og Kystdepartementet krev Naturvernforbundet no forbod mot dumping av slikt avfall i sjøen.

Fiskarlaget har teke initiativ til at det blir oppretta eit tverrfagleg offentleg utval, som skal greia ut om korleis ein skal inkludere omsynet til det marine miljøet i brei forstand i behandlinga av store utsleppsaker frå gruveindustrien.

Naturvernforbundet stør initiativet frå Fiskarlaget, og ser det som heilt nødvendig at det kjem på plass ei ny og betre forvalting av kystsonen før ein meislar ut ein ny mineralstrategi for Noreg. Det er bodskapen i eit brev som er sendt til Miljøverndepartementet og Fiskeri- og Kystdepartementet.

– Det er på tide at Noreg innfører eit lovmessig forbod mot å bruke norske fjordar til dumping av gruveavfall, sier Mads Løkeland i Norges Naturvernforbund.

I selskap med Indonesia, Tyrkia, Papua New Guinea og Filippinane er Noreg eit av dei siste landa i verda som ikkje har slutta med dumpe avgang og avfall frå gruvedrift rett i sjøen.  Til skilnad har store gruveland som Australia, Canada, USA, Kina og Brasil innført forbod mot slik dumping, og det er ei sterk internasjonal rørsle mot sjødeponi av gruvavgang, eit arbeid som også FNs miljøorganisasjon UNEP tek del i for å verne eit hardt pressa maritimt miljø.

-Hittil har omsynet til det marine miljøet fått for lita vekt i vurderinga av store utsleppsaker frå gruveindustrien, påpeikar Løkeland.  -Dette dreier seg om at ein ikkje har teke marint miljø, gyte- og oppvekstområde, fiskeområde og omsynet til trygg mat på alvor.

Han peikar på at dette fører til at Sydvaranger gruve AS fått løyve til utslepp av 4,5 mill tonn årleg gruveavgang blanda med giftige gruvekjemikaliar i den nasjonale laksefjorden Bøkfjorden.  Det er også søkt om stor utviding av utsleppsløyvet til Sydvaranger gruve og nye store gruve­utslepp i Førde­fjorden og Repparfjorden, og nye planar dukkar stadig opp langs heile kysten.

Artsdatabanken la nyleg fram den første Norske Raudlista for naturtypar, der ”Fjord” var plassert som raudlista på grunn av stor belasting frå gamle deponi, utslepp frå industri, gruve, landbruk, fiskeoppdrett og fysiske inngrep.  I denne situasjonen er det  opprydding, ikkje nye store utslepp, som må på dagsorden, meiner Naturvernforbundet.

Les meir: sjå innslaget frå TV2-nyheitene søndag, og les saka.