Kva gjere vi?
Dårlige gruveprosjekt er ein trussel mot naturmangfald, landskap og berekraftige næringar. Vi kjempar for dei gode løysingane og ein strengare regulering av gruveindustrien.

Arbeider mot nye sjødeponi i Repparfjord og Førdefjorden
Det er planlagt mineralutvinning med store sjødeponi i to av våre verdifulle laksefjordar, Repparfjord i Finnmark og Førdefjorden i Sogn og Fjordane. Naturvernforbundet jobbar aktivt for å forby sjødeponi og har valt ut desse to sakene som prioriterte arbeidsområde. Vi har kome med innspel til planane og jobbar politisk for å hindre at gruveselskapa skal få løyve til å bruke desse fjordane som søppelfylling. I 2022 blei dei siste løyva gitt til prosjektet ved Førdefjorden. Same år saksøkte Naturvernforbundet og Natur og Ungdom staten for å ha gitt lov til å dumpe gruveavfall i fjorden. Drifta ved Repparfjord manglar ennå fleire løyva, og vi jobbar aktivt for at desse løyva aldri vil bli gitt.
Vi jobbar med å løfte fram desse sakene i media og spreie informasjon om konsekvensane av eventuelle utvinningsløyva. Vi arrangerer seminar og markeringar for å spreie kunnskap, og vise fram det store folkelege engasjementet mot sjødeponi.
Arbeider med gruveprosjekt i heile landet
Vi arbeider ikkje berre med Repparfjord og Førdefjorden. Fleire av fylkes- og lokallaga i Naturvernforbundet arbeider med andre aktuelle gruvesaker i sine kommunar. Porsanger og Sør-Varanger i Finnmark, Fensfeltet i Telemark, Urvatnet-Litjbumyran naturreservat i Trøndelag og Helleland i Rogaland er nokre av dei stadane kor vi arbeider med planlagde gruveprosjekt.
Naturvernforbundet har også eit eiget gruveutval som hjelper og gir råd til fylkes- og lokallag, samt sentralleddet, i ulike gruvesaker.
Fremmar gode løysingar
Regjeringa la i 2023 fram en strategi for mineralnæringa i Noreg. Der heiter det at Noreg skal vere i verdstoppen når det kjem til berekraftig mineralnæring. Vi er ikkje ein gong i nærleiken. Naturvernforbundet jobbar derfor med å vise fram dei gode initiativa vi finn i andre land, og som Noreg med fordel kan lære av.
Stiller strenge miljøkrav
Skal gruveindustrien ha ei framtid i Noreg, kan ikkje utvinninga gå på bekostning av viktige naturverdiar, naturbaserte næringar og framtidas generasjonar. Naturvernforbundet har derfor laga ei liste med kriterier som må vere oppfylt for at mineralutvinning skal kunne tillatast: