Ettersøkt – fremmede arter

Ettersøkte og farlege, men ofte vakre. Framande planter kan vera ein stor trussel for norsk natur. Slepp dei laus i naturen, kan dei spreie seg, presse bort sårbare artar og gjere stor skade. Her har vi samla nokon av dei verste «pøblane».

filtarve

Publisert 02.05.2022 av Tor Bjarne Christensen

Nokon hageplanter har eit stort spreiingspotensial og kan gjere stor skade når dei endar opp i naturen. Har du nokon av desse framande plantene i hagen må du vere ekstra påpasseleg så dei ikkje bevegar seg utanfor hagen. Det sikraste er å fjerne dei. Om du ikkje ynskjer dette må du i alle fall la være å dele dei med andre, halde dei under kontroll og unngå å kaste hageavfall i naturen.

OBS! Artikkelen er ikke oppdatert etter Fremmedartslista 2023. Se der for eventuelle endringer.

fremmed plante blomst rynkerose

Rynkerose – Rosa rugosa

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Rynkerosa har blomar som kan vere både rosa og kvite, og ein frisk grønfarge på bladverket. Nypene er store og kjøtfulle og piggane sit tett.

Trussel: Rynkerose er ei hardfør rosebusk som spreier seg lett både via frøa i nypene og ved rotskot. Der den etablerer seg blir det tette tornekratt som fortrenger alt anna.

Kva kan du gjere? Har du rynkerose i hagen bør du prøve å fjerne buskene ved å grave dei opp med rota. Plantedelane må brennast eller leverast til godkjent avfallsmottak. Dei første åra må du sjekke om det kjem nye spirar frå gjenverande rotbitar og fjerne desse.

Filtarve/sølvarveCerastium tomentosum/Cerastium biebersteinii

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Filtarve og sølvarve er nesten identiske bunndekkande planter med små kvite nellikblomar og sølvfarga, lodne blad. Dei er krypande av vekst og dannar tette matter.

Trussel: Ser uskyldige ut, men spreier seg raskt med både rotutløparar og frø. På øyene i indre Oslofjord er dei ein alvorleg trussel mot sårbare raudlista artar.

Kva kan du gjere? For å bli kvitt plantene må dei lukast/gravast opp, og planteavfallet kastast i restavfallet eller leverast til godkjent avfallsmottak. Følg opp med å fjerne frøplanter som spirer.  

fremmed plante blomst filtarve sølvarve
fremmed plante blomst gravmyrt

Gravmyrt – Vinca minor

Svært høg risiko, Framandartslista 2018

Kjenneteikn: Krypande, vintergrøn plante med mørkegrøne, glinsande blad og himmelblå blomar.  

Trussel: Spreier seg raskt med rotutløparar eller ved dumping av hageavfall. Fortrenger sjeldne og trua artar i naturen. Mellom anna er den ein direkte trussel mot den raudlista arten kvitmure.

Kva kan du gjere? Gartnarar må søke om å få plante ut gravmyrt, men privatpersonar kan kjøpe den over disk på hagesentera. Det bør du ikkje gjere. Har du planta i hagen allereie er det beste å grave den opp med rota. Dette kan vere ein stor jobb ettersom den dannar lange utløperar.

Hagelupin – Lupinus polyphyllus  

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Dei høge blomane i mange fargar er eit kjent syn i vegkantar over heile landet.

Trussel: Hagelupin spreier seg raskt med frø frå hagar, vegkantar og jernbanelinjer der den har blitt sådd. I tillegg til å fortrenge andre artar fører den til auka næringsinnhald i jorda der den etablerer seg. Dette fører til at konkurransesvake artar blir fortrengt av nitrogenkrevjande og meir konkurransesterke artar.

Kva kan du gjere? Hagelupin har frø som kan overleve i 50 år i jorda. Det viktigaste du kan gjere er derfor å hindre dei i å sette frø. Om det ikkje er snakk om store mengder kan dei lukast eller gravast opp. For større areal anbefalast det å slå to gongar i sesongen, før plantene set blomar.  Dette må følgast opp over mange år.

fremmedart plante blomst hagelupin
fremmedart plante blomst tromsøpalme

Tromsøpalme – Heracleum persicum

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Tromsøpalme er ein skjermplante som kan bli opp til fem meter høg, og den største skjermen med kvite blomar kan bli ein halv meter i diameter og blada to meter lange. Til forveksling lik Kjempebjørnekjeks.

Trussel: Tromsøpalme og kjempebjørnekjeks spreier seg raskt og kan danne store bestandar som fortrenger anna vegetasjon. Frø og plantedelar som blir med jord er ein viktig spreiingsmåte. Plantene utviklar stoff som gjer at andre planter har vanskar med å spire på staden. 

Kva kan du gjere? Det er viktig å hindre at planta får laga frø, og at plantedelar blir spreidd. For å bli kvitt planta for godt, er det truleg best å grave opp rota, eventuelt kutte den så langt ned du kjem. Dette må sannsynlegvis gjerast fleire gongar i sesongen og truleg over fleire år.  Både tromsøpalme og kjempebjørnekjeks har ei plantesaft som kan gje kraftige reaksjonar på huda. Ein bør difor bruke verneklede når ein arbeidar med desse plantane.

Raudhyll – Sambucus racemosa

Svært høg risiko, Framandartslista 2018

Kjenneteikn: Raudhyll er ein opptil 4 m høg busk med lys, gråbrun bark. Den får små gulgrøne blomar som i juli blir til klasar av raude bær.

Trussel: Raudhyll var tidlegare vanleg i hagar og har spreidd seg via komposthaugar og fuglemagar. Den kan etablere seg i dei fleste naturtypar og mellom anna forstyrre balansen mellom plantar og fugl.

Kva kan du gjere? Små enkeltbuskar er greie å bli kvitt ved å hakke opp rota, og dei kjem sjeldan igjen. Større buskar er verre, men sager ein dei ned hindrar ein at det kjem bær som blir spreidd ukontrollert av fugl. Ein må då forvente at det kjem nye rotskot.

fremmed plante rødhyll raudhyll
fremmed plante blomst kjempefrøspring

Kjempespringfrø – Impatiens glandulifera

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salgsforbod frå 1.1 2016.

Kjenneteikn: Kjempespringfrø er eittårig og spirer frå frø om våren, veks bortimot ein meter og får flotte blomar i kvitt, rosa, fiolett og raudt. Etter blomstringa utviklar det seg frøhus som slynger ut frøa når noko kjem borti dei. Ein vassdrope er ofte nok. 

Trussel: Planta kastar sjølv frøa opptil seks meter, og deretter kan dei bli ført med bekkar eller følgje med landbruksmaskiner. Planta likar seg i elveskråningar der den utkonkurrerar fleirårige plantar som geitrams, bringebær og brennesle. Dermed forsvinn også rotnettet som batt elveskråninga om vinteren, og det blir auka sjanse for jordras og erosjon.

Kva kan du gjere? Sidan kjempespringfrø er eittårig, er planta avhengig av å spreie frø for å overleve. Viss ein rykker opp plantene før dei har sett frø, eller slår dei eit par gonger for sommaren, slik at dei ikkje når å lage blomar, vil ein bli kvitt denne planta. Etter tre år er det sannsynlegvis ikkje frø igjen som kan spire.

Skogskjegg – Aruncus dioicus

Svært høg risiko, Framandartslista 2018

Kjenneteikn: Skogskjegg er ein fleirårig urt som blir 1-2 meter høg. Blomane er små og dannar ein stor topp. Dei er kvite hos hannplantane og meir gulaktige hos hoplantane, men blir brune etter ei tid. 

Trussel: Ein del stader ser vi no at skogen og skogkantar blir full av skogskjegg, men planta veks også i kratt og på meir open mark. Denne har verkeleg evne til å spreie seg og utkonkurrere andre planter fullstendig. 

Kva kan du gjere? For å unngå at skogskjegg spreier seg, kan ein klippe ned planta rett etter blomstring, og kaste blomane i restavfallet. Den endelege løysinga er å hakke opp rota. Dei neste åra må ein sjå etter om det spirer frå noko som blei igjen, eller av frø.

fremmed plante blomst skogskjegg
fremmed plante blomst kanadagullris

Kanadagullris – Solidago canadensis

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salsforbod frå 1.1.2016

Kjenneteikn: Kanadagullris er ei høgreist korgplante med mange små, gule blomar og avlange, sagtagga blad. Planta tar ofte heilt overhand, og dannar eit hav av grønt og gult langs vegar, jernbane og i byggeområde.

Trussel: Kanadagullris spreier seg både gjennom krypande jordstengler og gjennom svært spiredyktige frø som fraktast med vinden. Ein enkelt stengel kan produsere opptil 10 000 frø, og planta har ei eksepsjonell evne til å utkonkurrere andre planter.

Kva kan du gjere? Dei som har planta kanadagullris bør ikkje gi vekk denne planta, og helst bør ein fjerne planta frå hagen. Då raskar ein opp røtene, og passar på at det ikkje drysser frø nokon stad.

Gravbergknapp – Phedimus spurius

Svært høg risiko, Framandartslista 2018
Salsforbod frå 1.1.2016

Kjenneteikn: Gravbergknapp er ei teppedannande sukkulentaktig plante. Farga på blomane varierer frå nesten kvit til rosa og gjerne enda noko mørkare raud.

Trussel: Gravbergknapp breier seg på kalkberg kring Oslofjorden, der den utkonkurrerer fleire sjeldne planter. Planta spreier seg hovudsakeleg ved at plantedelar slår rot, og desse kan bli frakta med både salt- og ferskvatn.

Kva kan du gjere? Ein skal i alle fall vere varsam så ikkje planta tar overhand i hagen. Vil ein bli kvitt gravbergknapp, så kan denne lukast. Men ein må rekne med å luke nokre gonger, og røtene må opp.

fremmed plante blomst gravbergknapp

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.07.2022