Støtte til aksjonistane
Naturvernforbundets landsstyre gir si støtte til aksjonistane ved Førdefjorden i Sogn og Fjordane, som i desse dagar førebur seg på aksjonar, om nødvendig sivilt ulydige, på Nordic Mining sitt anlegg på Engebø

Støtteerklæring til aksjonar for å berge Førdefjorden
Nordic Mining dumpar gruveavfall i Førdefjorden, sjølv etter at Høgsterett slo fast at utsleppsløyvet og driftskonsesjonen var ugyldige. Like etter dommen kom frå Høgsterett, søkte Nordic Mining om eit utsleppsløyve til å dumpe 4,5 millionar tonn med gruveavfall i fjorden i løpet av tre år. Høyringa på løyvet var særs udemokratisk, og eit midlertidig løyve vil være ein ulovleg oppsplitting av prosjektet. Selskapet har ikkje søkt om ny driftskonsesjon.
Naturvernforbundet ser gruvedumping i Førdefjorden som ein av dei største forureiningsskandalane i nyare norsk historie. Både Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet har åtvara om dei alvorlege konsekvensane for livet i Førdefjorden dersom det vert utslepp av gruveavfall i fjorden.
Når miljøfagleg kunnskap blir oversett, regjeringa ikkje tek ansvar og Nordic Mining dumpar gruveavfall i fjorden utan gyldig løyve, har Naturvernforbundet stor forståing og respekt for at miljøvernarar frå heile landet no set ned foten. Vi brukar ikkje sjølv sivil ulydnad, men kan gi støtte til bruk av ikkje-valdeleg, ikkje-skadeleg, open og respektfull sivil ulydnad i tråd med verdigrunnlaget vårt.
Vi ber regjeringa ta ansvar, respektere høgsterettsdommen og stoppe den pågåande dumpinga i Førdefjorden.
Landsstyret i Naturvernforbundet oppmodar alle som har høve til å støtte aksjonane, til å bidra med støttemarkeringar, signere underskriftsaksjonen «Respekter Høyesterett: Stopp dumpingen i Førdefjorden nå!», samle inn pengar eller å gjere anna som set søkelys på saka rundt om i landet eller ved Førdefjorden.



