Dette meiner vi om transport
All transport påverkar miljøet ved at det krev forbruk av energi, legg beslag på areal og fører til uynskte konsekvensar i form av forureining, støy og ulykkesrisiko.

Store infrastrukturprosjekt, og særleg vegutbyggingar, legg til rette for auka trafikk og gjev store negative konsekvensar for natur, friluftsområde og matjord. Dette gjer at vi må ta i bruk fleire verkemiddel, slik at transportbehovet blir redusert og den naudsynte transporten blir gjort med låg miljøpåverknad.
Betre planlegging av regionar, byar, tettstader og ulike samfunnsfunksjonar er avgjerande for å ikkje auke behovet for transport generelt og spesielt for å unngå å leggje til rette for meir privatbilisme. Vidare må kollektive løysingar utformast slik at dei gjev folk reelle alternativ til bilkøyring og flytransport. Samstundes må miljøvennlege teknologiar prioriterast og leggast til rette for, slik at den transporten samfunnet treng, skjer med så låg miljøpåverknad som mogleg.
Naturvernforbundet meiner at:
• Byar og tettstadar må fortettast og byggjast ut med mål om minst mogleg transportbehov, på ein måte som tar vare på grøne lunger, samstundes som det blir lagt til rette for syklande og gåande. Også i den overordna samfunnsplanlegginga, anten det gjeld transport av varer eller plassering av viktige samfunnsfunksjonar, må målet vere å redusere transportbehovet.
• Kollektivtilbodet må vere godt, både for daglege reiser til arbeid og fritidsaktivitetar og for lengre reiser. Dette inneber både korte reisetider, tilstrekkeleg mange avgangar og stor kapasitet. Jernbanen må vere utbygd for å ta unna langt større delar av transporten som i dag går med privatbil, fly og lastebil. Ekspressbuss er eit viktig supplement der det ikkje går tog. Sjøfrakt må vere eit miljøvenleg og attraktivt alternativ til lastebil.
• Vegkapasiteten må ikkje utvidast, og vegutbyggingar som gjev meir trafikk og store arealinngrep, må ikkje realiserast. Trafikktryggingstiltak må gjennomførast utan at dette aukar den samla kapasiteten på vegen eller styrkar vegtransporten si konkurransekraft. Miljøutfordringane frå flytrafikken tilseier òg at flyplasskapasiteten ikkje kan aukast, og trafikken må reduserast kraftig.
• Noreg bør, nasjonalt og internasjonalt, støtte utvikling av ein mest mogleg miljøvenleg transportsektor, med auka energieffektivitet, redusert ressursforbruk og redusert miljøpåverknad. Dette inneber både at forsking på betre teknologiar for private og kollektive løysingar må støttast, og at ein må motivere til at desse løysingane blir tatt i bruk. Hovudstrategien for ny teknologi må vere løysingar som reduserer energibehovet og elektrifiserer mest mogleg av transportsektoren. Resterande energibehov må dekkast av fornybart drivstoff med lågt klima- og ressursfotavtrykk.
• For å avgrense transportmengda og utnytte transportmidla betre må transport flyttast til dei minst miljøskadelege transportformene, og ny og betre teknologi må takast i bruk. Det betyr mellom anna at miljøavgiftene må vere høge på transport, både innan og over landegrensene.
Tekst frå Naturvernforbundets prinsipprogram, vedteke på landsmøtet i 2024.