Framand art: Blåhegg

Mispel er det ikkje, og ikkje søtmispel heller, sjølv om det er namn som er bruka om denne busken i lengre tid. Når busken blomstrar så kan ein kome i tankar om at han liknar hegg. Så har han blitt blåhegg, sidan fruktene er meir blåtona enn heggebæra.

blåhegg blomst natur plante

Men vi er ikkje heilt ferdige endå. Vi har blåhegg Amelanchier spicata, taggblåhegg Amelanchier alnifolia og kanadisk blåhegg Amelanchier lamarckii. Dette er buskar som oftast blir formeira med frø, og dermed kan det vere andre nærskylde artar med, og det kan truleg vere hybridar. Det er detaljar med bladform og tanning av blad som skil dei, men dei er ikkje så heilt enkle å skilje. Det skapar også vanskar med å risikovurdere desse artane. Når ein ser dei i skogen, men ikkje veit kva for art det er, blir dei heller ikkje rapportert inn. Dermed svikter grunnlaget for risikovurderinga.

Å plante dei har vore enkelt, og høg hekk som har vore ganske smal har det blitt. Dessutan har det vore enkelt for fuglane å ta med bæra borti skogkanten. Det som ikkje er enkelt er å bli kvitt denne igjen. Denne vil spreie seg med fuglane fortare enn vi kan leite opp rømlingane og få dei fjerna.

Viss ein gartnar vil bruke nokre av blåheggartane, må han søkje om løyve. Skulle han få løyve, blir det fort klaga på.

Men ein hageeigar kan gå i plantebutikken og kjøpe desse lovleg over disk og plante dei i sin eigen hage. Dette fordi det var planter under produksjon av desse slaga då forskrifta blei vedtatt, og det ville bli eit tap for planteskulane som hadde starta produksjonen om dei ikkje fekk selje desse. Resultatet blei at totalforbodet mot å plante blåheggartar blei utsett med 5 år, så ein kan få plantene ut frå produksjonsområda og ut i det ganske land. Sjølv om det er lov å selje planta, treng ein ikkje kjøpe blåhegg. Det vil koste å bli kvitt desse igjen.

Alle dei tre blåheggartane finst nok spreidd hist og her i skog ikkje så langt frå busetnaden. Kanadisk blåhegg og taggblåhegg har lågare risikovurdering, men det skuldast nok helst at dei ikkje har vore brukt så lenge.

Det er fruktene som fører til spreiing. Vil ein bli kvitt busken i hagen, må rota takast opp. Vil ein bli kvitt busken frå skogen, må ein gå veldig mykje på tur for å finne dei også. Dei veks i kratt og der fuglane føler seg tryggast når dei tar seg ein blund etter kveldsmat.

Amelanchier kjem frå fransk, og er brukt om blåhegg av Matthias Lobelius i 1576. Spicata fortel at noko er aksforma, og då må det vere blomen det er tale om. J. B. Monnet de la Marck var fransk naturforskar og levde 1744-1829. Alnifolia tyder «med blad som alnus», dvs. or.

Risikovurdering
Alle blåheggartane hadde kategori svært høg risiko (SE) i 2012, det vil seie den alvorlegaste graden. Blåhegg har (SE) framleis, dei to andre er redusert til låg risiko (LO) på 2018-vurderinga.
 

SE Svært høg risiko
HI Høg risiko
PH Potensiell høg risiko
LO Låg risiko
NK Ingen kjent risiko


Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?