Framand art: Spansk kjørvel

Dei seinare åra har hundekjeksen fått selskap av ei plante som liknar mykje. Ser ein nærare på dobbeltgjengaren, så kan ein legge merke til at blada er litt grovare, mattare, lysare og er noko håra.

spansk kjørvel blomst plante natur fremmedarter

Blomane er også litt fyldigare og bladstillinga er heller ikkje heilt lik. Er ein framleis i tvil, så kan ein gni blada og lukte på. Anislukta kjem frå spansk kjørvel Myrrhis odorata.

Denne planta kom eg borti for mellom 10 og 15 år sidan. Då var dette ei litt eksotisk plante som ein godt kunne ha i hagen. Planta får nærast svarte frø som er kring 2 cm lange, og desse burde ein så direkte, sidan tørka frø hadde mykje dårlegare spireevne. Etter kvart har eg innsett at det ikkje er det minste vanskeleg å formeire opp denne skjermplanta. Småplanter kjem opp nær sagt kvar som helst, og får ein ikkje luka dei, så set dei frø. På litt fuktig mark trivst denne planta ekstra godt.

Dei første dokumenterte funna er frå Rotvoll i Trondheim, Bogstad i Oslo og i Bergen på 1820-talet. Det kan sjå ut til at det er eit mønster, at dette har vore ei moteplante hos dei som hadde det meste. Først på 1960-talet fann ein denne arten på ville vegar i Møre og Romsdal og Telemark. På Austlandet er det nok ofte litt for tørt til at planta spreiar seg veldig kraftig. Men på Vestlandet er det full klaff. Planta trivst på dei same stadene som hundekjeks, særleg i kantar av dyrkamark og i vegkantar, men ein kan i grunnen treffe på planta i alle miljø med litt næringsrike tilhøve og frisk fuktigheit. Det er heilt tydleg at planta er spreidd mykje med kantslått langs vegane og med jordbruksreiskap, men også frå hagar. Opphaveleg kom spansk kjørvel frå fjellstrok i Sør- og Mellom-Europa.

I tillegg til å spreie seg med frø, så er planta fleirårig og spreier seg med røter og rotdelar. Vil ein bli kvitt planta, må ein altså grave opp planta med rot, og så følgje med til det ikkje er røter eller spiredyktige frø igjen. Heilt  umogleg er det ikkje.

Det latinske namnet Myrrhis kjem av ordet myrra og har vore bruka om denne planta i nærare 2000 år. Odorata tyder velluktande, sjølv om odør i norsk tyding oftast er noko negativt. 

Risikovurdering
Spansk kjørvel har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden, og på svartelista.

SE Svært høg risiko
HI Høg risiko
PH Potensiell høg risiko
LO Låg risiko
NK Ingen kjent risiko


Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?