Framand art: Haustberberis

Nokre prydbuskar kan ein stikke seg på. Dei er litt ubehagelege. Haustberberis er direkte avvisande, denne vil ingen bli veldig godt kjent med. Men busken har blitt brukt ein god del, mellom anna fordi det er fullt mogleg å stoppe skuleungar som tar snarvegar gjennom private område ved å plante denne busken.

Haustberberis Berberis thunbergii finst i ein grøn og ein blodraud variant når ein ser på blada. Elles liknar busken på vår heimlege berberis. Haustberberis har ein torn, berberis har ein treflika torn. Elles har blada på berberis ein tanna kant, haustberberis manglar tennene.

Haustberberis kjem frå Japan som har eit liknande klima som hos oss. Busken trivst godt og får årleg frukter. Desse fruktene er vel ikkje favoritten til fuglane, men dei blir etne når det er tomt for bær som smakar betre, og då hamnar sjølvsagt frøa i fuglemagen. Dermed har vi fått haustberberis i skogen.

Les også: Unngå pøbelplanter i hagen

Haustberberis er det no forbod mot å selje.

Eg nemnte berberis Berberis vulgaris som heimleg, men også denne er innført. Det er langt tilbake, på 1600-talet, så busken var naturalisert før 1800. Den blei forbode å dyrke i 1916, sidan berberis er mellomvert for ein sopp, svartrust, som gjorde stor skade på korn. Haustberberis blei innført som erstattar for denne. I 1967 blei haustberberis funne forvilla for første gong i Noreg, og etter det har det gått fort. Haustberberis kan endre på jordsmonn over tid, endrar beitemønster og roter det til slik at fuglane eter denne bæra i staden for andre bær som dermed ikkje får den frøspreiinga dei skulle hatt.

Kva gjer vi med haustberberisen? Den klipper vi ned med stor varsemd, slik at vi deretter kan grave opp rota. Då vil vi forresten oppdage at røtene har innerbork som er sterkt gul. Det blir sannsynlegvis igjen noko av rota. Når det kjem nye greinar opp, så får vi gjenta opplegget, til alle røtene er fjerna.

Namnet berberis blei bruka av Matthaeus Sylvaticus kring 1300. Vulgaris tyder vanleg. Thunbergii er oppkalla etter den svenske botanikaren Carl Pehr Thunberg som levde mellom 1743 og 1828. Han spesialiserte seg på planter frå Japan.

Risikovurdering
Haustberberis har kategori svært høg risiko (SE) både ved vurderinga i 2012 og i 2018, det vil seie den alvorlegaste graden.

SE           Svært høg risiko
HI           Høg risiko
PH          Potensiell høg risiko
LO          Låg risiko
NK          Ingen kjent risiko


Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?