Gravmyrt

Gravmyrt tar seg sakte og sikkert ut i naturen. Av ein eller annan grunn ser det ut til at denne planta ikkje set frø hos oss. Dermed går spreiinga sakte, men akk, så sikkert.

Gravmyrt Vinca minor har utløparar som slår røter. Planta som starta i eit hagebed veks vidare bortetter plenkanten, over til naboen og ut i skogen i løpet av nokre år. Der denne planta slepp til, blir det ofte dårleg plass til andre. Det er også grunnen til at denne planta har havna i kategorien svært høg risiko på framandartslista.

Ein bør la vere å plante gravmyrt

Ein gartnar har ikkje lov å plante denne planta utan å sende søknad til Miljødirektoratet. Men ein hageeigar kan gå i plantebutikken, kjøpe planta og plante i eigen hage utan spørsmål. Sjølv om det er lov, bør ein la vere.

Bli kvitt gravmyrt

Vil ein bli kvitt denne planta, så får ein løyse jorda med eit greip, og så må ein dra opp alle plantene med røter. Med systematisk arbeid får ein med det meste, og så må ein gå etter nokre gongar seinare og ta det som var gløymd og som set nye skot. Etter ein slik aksjon er gjerne området reinska også for alt anna, og kan nyttast til rosebed eller potetåker om ein vil. Husk forresten at det som blir plukka vekk skal leverast til godkjent avfallsmottak. På vegen til avfallsmottaket skal plantene vere innpakka eller tilhengaren må vere dekka til, slik at ingenting kan ramle av på vegen. Dette plantematerialet skal verken i grøftekanten eller skogkanten.

Gravmyrt kjem frå Middelhavsområdet, og har vore i Noreg sidan mellomalderen. Spreiing er først kjent langt ut på 1800-talet. Gravmyrt kan ein finne i hagar i heile Sør-Noreg. Derifrå har han spreidd seg til skogkanten, anten etter ein tur under gjerdet, eller ein trillebårtur før hageavfallet har slått rot igjen.

Det latinske slektsnamnet Vinca er først brukt av Plinius for nesten to tusen år sidan. Ingen blir vel overraska over at minor tyder mindre. Det finst nemleg ein som er noko større, major. 

Risikovurdering


Gravmyrt har kategori svært høg risiko (SE) i både 2018 og 2023, det vil seie den alvorlegaste graden på framandartslista.

Risikovurderings modell av gravmyrt fra artsdatabanken.no

«Gravmyrt vurderes til svært høy risiko i norsk natur på grunn av et høyt invasjonspotensial og stor økologisk effekt, inkludert påvirkning av en truet naturtype (åpen grunnlendt kalkrik mark) og fortrengning av sårbare og truete arter.»

Artsdatabanken (2023) om gravmyrts økologiske risiko

Utbredelseshistorikk av filtarve i Norge fra 1901 til 2016 (modell fra artsdatabanken.

Referanser:

Skarpaas O, Hegre H, Solstad H, Alm T, Fløistad IS, Pedersen O, Schei FH, Vandvik V, Vollering J og Westergaard KB (2023). Magnoliophyta: Vurdering av gravmyrt Vinca minor for Fastlands-Norge med havområder. Fremmedartslista 2023. Artsdatabanken. http://www.artsdatabanken.no/lister/fremmedartslista/2023/2955

Fartein Rudjord

Er du glad i planter og dyr?

Det er vi og! Derfor jobber vi i Naturvernforbundet for å verne artsmangfoldet. Blir vi flere, får vi gjort mer!