Hagelupin

Fremmede arter Hagelupin

Det var ei tid då Statens vegvesen såg at vegskråningane var noko meir enn ein rest etter det som fanst før det blei veg. Dei tok til å jamne ut og så til. Kva kunne ein så i ei skråning full av sand? Løysinga var hagelupin (Lupinus polyphyllus).

Rotnettet er finmaska så planta kan få tak i kvar ein drope med vatn som kjem forbi. På røtene sit det bakteriar som fangar nitrogen frå lufta og gjer det om til gjødsel som planta kan bruke. Lupinen slo til i skråningane, røtene batt rasmarka, og det blei eit hav av blomar. Jarnbanen gjorde det same. Alle var godt nøgde med den nye tida.

Men det var vel kanskje for godt til å vere sant. Denne nytteplanta vil i løpet av få år bygge opp eit næringsrikt lag der det før var mest sand. Dermed kjem det andre artar til som blir både store og høge. Dei låge artane som tidlegare vaks i litt ustabil sand og ikkje klarte seg andre stader forsvann, først som følgje av lupin, og deretter som følgje av dei plantene som er endå større. 

Det var litt ulike meiningar om lupin var bra eller dårleg. Det var nok også dei som tok saka i eigne hender. Eller rettare hadde lomma full av frø, og så strødde dei lupinfrø ut av bilvindauget då dei køyrde forbi.

Hagelupin kjem frå Nord-Amerika, først til Europa i 1826, og seinare vidare til oss. Vi kjenner hagelupin godt frå vegkantane, men dei seinare åra ser vi også at elvebreiddene er ein stad der planta trivst.

Hagelupin er fleirårig, men ikkje langliva. Saman med hovudrota finn ein også siderøter, og desse tar over når hovudrota gir opp. Dermed er det ein heil jobb å luke bort alle plantene om ein vil fjerne dei. Men den største jobben er å bli kvitt alle frøa som ligg i jorda. Dei kan ligge der i meir enn 50 år, og så kjem dei fram og spirer. Difor bør ein i alle fall fjerne frøbelgane før dei slepp frøa. Samle dei visne blomane saman og kast dei i omnen eller i restavfallet.

Det er Cato som døydde 149 år f. Kr som har brukt det latinske namnet Lupinus om lupin først. Det kjem av lupus som tyder ulv, men korleis ulven kjem inn i biletet, det veit eg ikkje. Poly tyder mange og phyllus blad. Hagelupin har 10-15 småblad i bladplata.

Risikovurdering
Hagelupin har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden på framandartslista.

Risikovurderings modell av hagelupin fra artsdatabanken.no

Hagelupin vurderes til svært høg økologisk risiko på grunn et stort invasjonspotensial og store negative økologiske effekter knyttet til nitrogenfiksering/eutrofiering og fortrengning.

– Artsdatabanken (2018) om hagelupins økologiske risiko
Utbredelseshistorikk av hagelupin i Norge fra 1901 til 2016 (modell fra artsdatabanken.no)

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Referanser:

Elven R, Hegre H, Solstad H, Pedersen O, Pedersen PA, Åsen PA og Vandvik V (2018, 5. juni). Lupinus polyphyllus, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2022, 9. august) fra https://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/144

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.08.2022