Skogskjegg

Dei fleste som kjenner skogskjegg (Aruncus dioicus) veit at dette er ei ordentleg plante som det ikkje er noko tull med. Men det var før. Nye tider har gjort denne til ein versting.

Om vinteren er det berre tørre stilkar, om våren etter ein ryddesjau kjem det opp spirar som ein nesten kan sjå veks. Blader kjem og mange kvite blomar kjem. Planta fyller godt opp og er i grunnen pen å sjå til. Det er berre eit minus, blomane blir brune etter ei tid, og då pyntar det ikkje.

For hagefolket er dette ein staude, av den typen ein delar viss ein vil ha fleire. Då tar ein den kvassaste spaden og trør til, hjelper ikkje det, så tar ein øksa. Småbitane set ein i jorda, og etter få år er det blitt ei stor tue. Når planta er plassert, så blir ho verande der. Slik har det vore sidan 1700-talet.

Så skjedde det noko. Plutseleg dukka denne planta opp både her og der, på stader det aldri var planta røter av skogskjegg. Dette var slett ikkje likt den skogskjeggen vi kjente.

Når forklaringa kom, så var det heile lett å forstå. Hannplantene har kvite blomar, hoplantene har meir gulaktige bloma. Så det var vel vanleg at det var hannplanter som sto rundt om. Med deling av rota som formeiringsmåte, så blei det ikkje annleis heller. Her mangla eit kjønn og det kunne ikkje bli spiredyktig frø. Men så importerte vi frø, og dermed var det ikkje berre eit kjønn lenger. Då gjekk det som det måtte gå, det blei futt i sexen og det blei avkom. Det gjekk i grunnen ikkje så mange åra før båe kjønn finst dei fleste stader. Ein del stader ser vi no at skogen blir full av skogskjegg. Denne har verkeleg evne til å ta over arenaen. Det kan vere fint når blomen er kvit, men det blir endeleg nok når blomen har blitt brun. Dessutan er det jo bra om det er litt plass til skog i skogen, ikkje berre skogskjegg. Skogskjegg finst no i skogkantar og andre stader nord til Tromsø.

Aruncus tyder geitskjegg og viser til utsjånaden, dioicus tyder «som bur i kvart sitt hus», altså at det finst hannplanter og hoplanter. Planta finst både i Europa, Amerika og Asia, og det er truleg at vi kan ha litt alle stader i frå.

For å unngå at skogskjegg spreier seg, kan ein klippe ned planta rett etter blomstring, og kaste i alle fall blomane i restavfallet. Gløymer ein det eit år, ja då må ein også klippe av blomane på dei som spirer borte i skogkanten. Den endelege løysinga er å hakke opp rota. Dei neste åra må ein sjå etter om det spirer frå noko som blei igjen, eller av frø. Frøa er små og truleg ikkje særleg langliva, utan at eg kan seie noko sikkert om det.

Vil ein ha slike store tuer som veks opp frå nesten ingenting og er mest grøn, så bør ein heller satse på bregne. Fleire av dei vi har i skogen frå før kan vere greie nok. Dei spreier seg dei også, men dei er det jo ikkje farleg om kjem seg i skogen der dei var frå før.

Risikovurdering
Skogskjegg har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden.

Risikovurderings modell av skogskjegg fra artsdatabanken.no

Skogskjegg vurderes til svært høg økologisk risiko på grunn av stort invasjonspotensial og middels stor økologisk effekt. Arten naturaliseres i stort omfang i nesten alle friske til fuktige, middels til meget næringsrike skogtyper (både lauvskog og barskog) og er meget ekspansiv, med effektiv fortrengning av stedegne arter. Arten har bare vært i rask ekspansjon i 30-40 år (lite for en flerårig art), men er allerede en alvorlig forurensning i norsk natur.

– Artsdatabanken (2018) om skogskjeggs økologiske risiko
Utbredelseshistorikk av rødhyll i Norge fra 1921til 2016 (modell fra artsdatabanken.no)

Vil du gjøre litt mer for å bekjempe fremmede planter?

Referanser:

Elven R, Hegre H, Solstad H, Pedersen O, Pedersen PA, Åsen PA og Vandvik V (2018, 5. juni). Aruncus dioicus, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet (2022, 9. august) fra https://www.artsdatabanken.no/fab2018/N/479

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.08.2022