Gravbergknapp
Fleire artar av bergknapp brukast til å løyse flaumproblem. Då blir det lagt ut matter av planta ettersom sukkulentaktige planter tar til seg vatn når det er vått og leverer frå seg vatn når det er tørt. Men det er nokre problem i denne idyllen.
Ulovleg å selje… eller?
I forskrift om fremmede organismer, står gravbergknapp Phedimus spurius no på lista over artar ein ikkje får lov til å selje i Noreg. Men det er eit unnatak, viss ein skal bruke dei på takflater for flaumdemping. Sjølv som takplanting, er planta søknadspliktig på Austlandet. Det skuldast at planta breier seg på kalkberg som det finst ein del av kring Oslofjorden. På dei same kalkberga er det ein del sjeldne planter som forsvinn om gravbergknappen kjem.
Gravbergknapp breier seg utover
Dei som er kjent med planta frå eigen hage, veit vel godt at denne breier seg ein del utover. Så ein skal i alle fall vere varsam så ikkje planta tar overhand. Planta finst i mange hagar, og elles der hageavfall har vore kasta. Planta er elles lett å få til, og har truleg gått frå hand til hand i tillegg.
Gravbergknapp kjem frå Kaukasus. Det har vore fleire kultivarar, så planta finst i fargar frå nesten kvit til rosa og gjerne endå noko mørkare raud. Planta har vore forvilla i norsk natur alt før 1880.
Bli kvitt gravbergknapp
Vil ein bli kvitt gravbergknapp, så kan denne lukast. Men ein må rekne med å luke nokre gonger. Røtene må opp. Frøspreiing kan og vere mogleg. Dessutan vil denne planta kunne spreie seg ved at plantedelar slår rot. Plantedelar kan bli frakta med både salt- og ferskvatn, og planta skal vere funnen også under vatn. Tildekking med presenning kan vere eit aktuelt alternativ.
Risikovurdering
Gravbergknapp har kategori svært høg risiko (SE) både ved vurderinga i 2018 og i 2023, det vil seie den alvorlegaste graden.
Gravbergknapp vurderes til svært høg økologisk risiko på grunn av kombinasjonen mellom et stort invasjonspotensial og en stor negativ økologisk effekt.
– Artsdatabanken (2023) om gravbergknapps økologiske risiko
Fremmede arter er et problem for norsk natur.
Her kan du lese mer om:
Referanser:
Solstad H, Hegre H, Alm T, Fløistad IS, Pedersen O, Schei FH, Vandvik V, Vollering J, Westergaard KB og Skarpaas O (2023). Magnoliophyta: Vurdering av gravbergknapp Phedimus spurius for Fastlands-Norge med havområder. Fremmedartslista 2023. Artsdatabanken. http://www.artsdatabanken.no/lister/fremmedartslista/2023/2903
Er du glad i planter og dyr?
Det er vi og! Derfor jobber vi i Naturvernforbundet for å verne artsmangfoldet. Blir vi flere, får vi gjort mer!