Klistersvineblom

Denne gongen kan vi rekne handballspelarar som ekspertar. Dei som har vore borti ein handball full av klister, dei veit også korleis fingrane kjennast ut etter ein lukerunde med klistersvineblom (Senecia viscosus). Fingrane blir seige.

Fremmed art Klistersvineblom

Dette er ikkje planta som ein kjøper i hagesenteret og planter ut i bedet. Men nokon plass kjem planta frå, for ho høyrer ikkje til mellom dei vi alltid har hatt.

Planta finst i bymessige strok, der dei står i fortauskantar og singelgangar. På skrinne vegkantar kan dei stå tett. På skrotemark, dvs. jordhaugar og litt gløymte areal, er planta også vanleg. På område der det blir lagra tømmer finst planta, og på snauflater. Frøa er ganske små og utstyrt med «fallskjerm». Dei fyk med vinden kor langt det skal vere.

Planta blei først funnen kring Oslofjorden ikkje lenge etter 1800. Planta spreidde seg langs kysten og var komen til Møre og Romsdal i 1951. Etter det har planta spreidd seg vidare nordover, og blir funnen nokre stader i Nordland, med nordlegaste funn i Tromsø. Denne planta går truleg ikkje så høgt. Sjølv om veggrusen som blei bruka på Aursjøvegen hadde frø av klistersvineblom, så blei det ikkje gjort funn av planta langs Aursjøvegen (800 moh.) ved ei undersøking i 2017.

Klistersvineblom finst naturleg i Mellom- og Sør-Europa og Vest-Asia.

Senecio kjem frå latin senex, dvs. gubbe eller gamal mann. Når frøa held på å sleppe, ser plantene i denne slekta absolutt litt kvithåra ut, så det er eit høveleg namn. Det var Plinius som døyde 79 e.Kr. som bruka namnet først. Dei som har kjøpa smøreolje har vore borti ordet viskositet. Det har nok med viscosus å gjere, som tyder klissen.

Klistersvineblom er både lett og vanskeleg å bli kvitt. Planta er eittårig. Det vil seie at viss ein unngår at dei blomstrar, så er mykje gjort. Tar ein tak i planta, så drar ein planta lett opp. Om rota blir igjen, så gjer det ikkje noko så lenge det ikkje kjem ein ny blomestilk. Men vanskeleg, sidan frø kan fyke kilometervis, og bli med bilar og varer, sko og grus.   

Risikovurdering

Klistersvineblom hadde høg risiko (HI) i 2012, men i 2018 auka den til svært høg risiko (SE) og har blitt ståande her i 2023.

Risikovurderings modell av klistersvineblom fra artsdatabanken.no

Klistersvineblom vurderes å medføre svært høy økologisk risiko, ved en kombinasjon av et stort invasjonspotensial og en middels økologisk effekt. Arten opptrer i så store mengder at den har en viss fortrengningseffekt på grunnlende og bergknauser. Den kan danne delvis fertile hybrider (dvs. med introgresjon) med de stedegne artene bergsvineblom Senecio sylvaticus og åkersvineblom S. vulgaris.

– Artsdatabanken (2023) angående klistresvinebloms økologiske risiko
Utbredelseshistorikk av Klistersvineblom i Norge fra 1801 til 2016 (modell fra artsdatabanken.no)

Referanser:

Alm T, Hegre H, Solstad H, Fløistad IS, Pedersen O, Schei FH, Vandvik V, Vollering J, Westergaard KB og Skarpaas O (2023). Magnoliophyta: Vurdering av klistersvineblom Senecio viscosus for Fastlands-Norge med havområder. Fremmedartslista 2023. Artsdatabanken. http://www.artsdatabanken.no/lister/fremmedartslista/2023/825

Fartein Rudjord

Er du glad i planter og dyr?

Det er vi og! Derfor jobber vi i Naturvernforbundet for å verne artsmangfoldet. Blir vi flere, får vi gjort mer!